Valentina Teresjkova
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valentina Vladimirovna Teresjkova (russisk:Валенти́на Влади́мировна Терешко́ва) (fødd 6. mars 1937) er ein tidlegare sovjetisk kosmonaut og den første kvinna til å vitje verdsrommet. Det skjedde då ho den 16. juni 1963 vart skoten opp med romkapselen Vostok 6. Romferda hennar varte i 2 dagar, 22 timar og 50 minuttar.
Ho vart fødd i landsbyen Maslennikovo i Jaroslavl oblast.