Valerij Brumel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valerij Brumel

Statsborgarskap Russland, Sovjetunionen
Fødd 14. april 1942
Tolbuzino
Død

26. januar 2003 (60 år)
Moskva

Yrke friidrettsutøvar
Språk russisk
Høgd 1,85 meter
Politisk parti Sovjetunionens kommunistiske parti
Valerij Brumel på Commons
Valerij Brumel i midten, på sigerspallen etter høggdetvelinga under OL 1964 i Tokyo

Valerij Nikolajevitsj Brumel, (Валерий Николаевич Брумель) (14. april 194226. januar 2003) var ein sovjetisk idrettsutøvar som konkurrerte i høgdehopp. Han vart europameister 1962 og olympisk meister 1964, i tillegg tok han OL-sølv i 1960. Brumel var verdsrekordhaldar i høgdehopp frå 1961 til 1970. Han nytta dykkstilen når han hoppa høgde.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Brumel sette europarekord med 2,17 meter i eit stemne i Moskva den 13. august 1960. Under sommar-OL i Roma knapt tre veker seinare tok han sylvmedaljen med 2,16 m, same høgda som den olympiske meisteren Robert Sjavlakadze, som klarte høgda i fyrste forsøk. Utover i september og oktober 1960 forbetra Brumel europarekorden tre gongar og stoppa på 2,20 m den 25. oktober i Ujgorod.

I 1961-sesongen sette Brumel den fyrste av seks verdsrekordar i åra fram til 1963; frå 2,23 m til 2,28 m. Rekordhoppet på 2,28 meter vart utført i Moskva 21. juli 1963, og stod som verdsrekord fram til kinesaren Ni Zhiqin klarde 2,29 m hausten 1970.

I 1962 vann Brumel gullmedaljen under EM i Beograd, med sluttresultatet 2,21 m slo han sølvvinnaren Stig Pettersson frå Sverige med åtte centimeter. Brumel vart olympisk meister under sommar-OL 1964, då han svinga seg over 2,18 m, same høgda som sølvvinnaren John Thomas frå USA.

Gjennom 1965-sesongen vann Brumel alle tevlingane han deltok i, men vart stygt skadd i ei ulukke med motorsykkel. Sjølv etter 29 operasjonar vart han aldri sidan stand til å måle seg med dei beste. I 1970 hoppa han 2,06 meter, langt under nivået til verdseliten.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1960 i Roma: Sølvmedalje – 2,16 m, bakom Robert Sjavlakadze (2,16 m)
  • EM 1962 i Beograd: Gullmedalje – 2,21 m, framom Stig Pettersson (2,13 m)
  • OL 1964 i Tokyo: Gullmedalje – 2,18 m, framom John Thomas (2,18 m)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Friidrott 61.
  • Friidrott 65.