Valkollegium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Eit valkollegium eller eit elektorat er ein institusjon blir nytta ved indirekte val. I motsetnad til direkte val der veljarane vel sine representantar direkte, vel veljarane i eit indirekte val eit valkollegium, som består av valmenn, som igjen skal velje representantane. Det viktigaste argumentet for oppretting av valkollegium i staden for direkte val har vore at valmennene vil ha betre kvalifikasjonar for å gjere vala. På denne måten kan systemet også tolkast i retning av manglande tillit til folk si eiga dømmekraft.

Valkollegium blir mellom anna nytta ved val av President i USA, der systemet ved presidentvalet i 2000 bidrog til at George W. Bush blei vald til president i staden for Al Gore. Eit fleirtal av veljarane støtta Gore. Men eit valkollegium, som alle andre valde forsamlingar, kan aldri vere 100 % representativt. Bush fekk ved valet eit fleirtal blant valmennene, og vart vald til president.

Medan valkollegia i USA blir valde med valet som einaste oppgåve, er valkollegium i andre land institusjonar med fleire oppgåver. Dette vil vere tilfelle i land der parlamentet vel president, som i Tyskland.

Valkollegium blir brukt i svært mange andre typar organisasjonar, som til dømes i religiøse organisasjonar. Lokale avdelingar vel då representantar til kongress, landsmøte eller liknande, som vel toppleiinga i organisasjonen.