Valkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Minne om valet i 1814, plakett på portstolpen ved Vang kyrkje på Hedmarken.

Valkyrkje, bokmål valgkirke, viser til dei kyrkjene som blei brukte som vallokale under valet til Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814.[1] Kyrkjene vart nytta fordi dei var det naturlege sentrumet for det offentlege livet dei fleste stader i landet, og fordi prestegjelda var grunneininga i valordninga.

Ein del av kyrkjene er bevarte. I jubileumsåret 2014 gjekk Riksarkivet og Riksantikvaren saman om merking med blå plakettar og opptrykk av faksimile av adresse og fullmakt til desse kyrkjene.

Mange av kyrkjene har gått tapt sidan 1814. Nokre har brunne, men flesteparten av dei som er borte er rivne og erstatta av nye kyrkjer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aura Avis publisert 22.2.2014, lesen 18.5.2014.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]