Valladolid

Koordinatar: 41°38′N 4°43′W / 41.633°N 4.717°W / 41.633; -4.717
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valladolid
Flyfoto av Valladolid
Flyfoto av Valladolid
Flyfoto av Valladolid
Flagget til Valladolid Byvåpenet til Valladolid
Flagget til Valladolid Byvåpenet til Valladolid
Kallenamn
«Pucela»
Plassering
Valladolid is located in
Styresmakter
Land  Spania
Autonom region Castilla y León
Provins Valladolid
Grunnlagd 1072
Borgarmeister Jesús Julio Carnero
Geografi
Flatevidd
 - By

197,5 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

318 461
  1 612,5 /km²
Koordinatar 41°38′N 4°43′W / 41.633°N 4.717°W / 41.633; -4.717
Høgd over havet 691 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 47001-47016
Nettstad: www.ava.es

Valladolid er ein historisk by og kommune nord i det sentrale Spania ved elva Pisuerga og i vinområdet Ribera del Duero. Han er provinshovudstad i provinsen Valladolid og regionshovudstad i den autonome regionen Castilla y León.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Valladolid målt i 1574 av Braun og Hogenberg.

Namnet har ein tilsynelatande likskap med «Baladul-Walid» (på arabisk بلد الوليد) som tyder ‘Byen til Walid’, og var namnet på byen dei hundreåra muslimane styrte her. Walid var truleg ein av dei største kalifane i Omajadedynastiet i Damaskus, men det finst ikkje noko god årsak til at maurarane skulle gje ein liten landsby i ytterkanten av riket deira eit så stort namn. Eit anna forslag for opphavet til namnet er det latinske Vallis (‘dal’) og det keltiske Tolitum (‘stad der vatn møtes’). Eit anna forslag er Valla, som kjem av vallis, de (spansk preposisjon) og Olid (som tyder ‘oliven’), slik at tydinga vert ‘Olivendalen’.

Eit populært kallenamn på byen er Pucela, men opphavet til dette er ikkje klart.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Slaget til riddarane på hovudplassen i Valladolid. Historisk tak som er bevart i museet Prado.

Valladolid vart erobra frå maurarane på 900-talet og var ein liten landsby som vart utbetra av grev Pedro Ansúrez på 1000-talet. I 1469 gifta dronning Isabella av Castilla seg med kong Ferdinand av Aragon i byen og på 1400-talet var han residens for kongane av Castilla og hovudstad i Spania fram til 1561, då Filip II, som var fødd her, flytta hovudstaden til Madrid. Kristoffer Columbus døydde i Valladolid i 1506 i eit hus som no er eit museum tileigna han. Byen vart hovudstad i kongedømet igjen mellom 1601 og 1606 under regjeringstida til Filip III. Det var i denne perioden då Cervantes gav ut den første utgåva si av Don Quixote i 1604.

'Fillip II av Spania kjem til Valladolid'. Historisk tak i museet Prado.

Byen har i dag fleire arkitektoniske bevis på den tidlegare stordomstida. Nokre monument, som den uferdige katedralen, Santa Maria la Antigua-kyrkja, Plaza Mayor (Hovudplassen), malen for hovudplassen i Madrid og og dei framtidige hovudplassane i den kastiljansktalande verda, Nasjonalskulpturmuseet, ved sidan av St. Paulus-kyrkja, som inneheld den største samlinga av polykrome treskulpturar i Spania, og det juridiske fakultetet til Universitetet Valladolid. Fasaden på dette fakultetet er eit av få gjenverande laga av Narciso Tomei, den same kunstnaren som gjorde Toledo-katedralen. Vitskapsmuseet ligg ved elva Pisuerga. Det einaste gjenverande huset til Miguel de Cervantes ligg òg i Valladolid. Sjølv om ho ikkje er ferdig, vart Valladolid-katedralen teikna av Juan de Herrera, ein arkitekt frå El Escorial.

Valladolid er eit økonomisk senter i den autonome regionen og har ein viktig bilindustri (IVECO, FASA-Renault, Michelin). Det ligg ein flyplass nær Villanubla, med samband til London-Stansted, Paris, Brussel-Charleroi, Milano, Lisboa, Barcelona og Vigo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Valladolid