Vallak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Treårig vallak.

Ein vallak er ein hingst (hannhest) som har blitt kastrert. Hingstane blir kastrert for å få ein rolegare hest, ein som er enklare å handtere. Ofte kan dette også bidra til at hesten kan stå saman med andre, vere rolegare på bana, konsentrere seg meir på treninga o.l. Ein vallak blir også kalla jelk.