Valland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Valland er i den gamalnorske og -islandske litteraturen et vanleg namn på den vestlege delen av Frankrike. Valland kunne brukast om Poitou, Bretagne og særleg Normandie.

Nemninga kjem av namnet på folket valar (som i Wales), men blei seinare brukt om alle slag keltarar. I tillegg til Wales kunne namnet visa til Belgia, Nord-Italia og Nord-Frankrike. Sidan nordbuarane med tida kom mest i samband med det sistnemnde området, særleg gjennom erobringa av Normandie, blei det Frankrike som oftest blei omtalt som Valland.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ettersom dei fleste områda der det budde keltarar etter kvart blei romaniserte, kom orda «valar» og «Valland» til å tyda personar av romansk opphav og land med romanske innbyggjarar. Ordet valnøtt viser dermed til ei fransk eller italiensk nøtt. Også i nyare tid finn ein desse formene av og til i Norden, som i «velsk» og «Velskland».

I tillegg til namnet på Wales har ordet òg gitt opphav til nemninga Vallonia, om den fransktalande, og dermed romanske, delen av Belgia. Dei tysktalende i Sveits omtalar dei fransktalande som Welsche.

Ordet stammar frå det germanske *Walha, eit namn germanarane gav dei keltiske naboane sine, og som igjen kanskje stammar frå namnet på ein keltisk stamme romarane kjende som valcae. Det finst òg i andre germanske språk, som i engelsk Welsh (walisar, walisisk) og i dei tyske orda wälsch, welsch og Welschland.

Slavarane overtok ordet frå gotarane (*walhs) som ei nemning for dei romanske folka, men ordet har seinare fått ulike tydingar i dei ulike slaviske språka. På denne kanten gav ordet opphavet til Valakia i Romania. Frå slavarane gjekk ordet vidare til ungararane (Oláh) og grekarane (Βλάχοί), og blei brukt om dei romanske folka på Balkan.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]