Valley Girl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valley Girl
Singel av Frank Zappa og Moon Zappa
frå albumet Ship Arriving Too Late to Save a Drowning Witch
B-side

«No Not Now»
«Teen-Age Prostitute»
«You Are What You Is»
«Valley Girl (fade-out version)»

Språk engelsk
Utgjeve 1982
Innspelt 1982
Sjanger New Wave, eksperimentell rock, komedierock
Lengd 4:59
Selskap Barking Pumpkin
Låtskrivar(ar) Frank Zappa, Moon Zappa
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa og Moon Zappa-kronologi 
«Goblin Girl»
(1981)
Valley Girl «The Man From Utopia Meets Mary Lou»
(1983)


«Valley Girl» er ein song av Frank Zappa og den då 14 år gamle dottera hans, Moon Unit Zappa. Han vart gjeven ut i 1982 på albumet Ship Arriving Too Late to Save a Drowning Witch. Moon gav Frank mykje av innhaldet og snakka ein dialog som ei typisk «Valley girl» med «Valspeak»-uttrykk ho hadde høyrt på «festar og på the Galleria».[1] Zappa meinte å håne denne talemåten, men i staden populariserte singelen den stereotype Valley Girl over heile landet.[2][3][4] Bruken av slanguttrykk frå «Valspeak» auka kraftig, både med og utan ironi (ikkje minst på grunn av filmen Valley Girl). Songen var òg med på samlealbumet Strictly Commercial.

Songen var den einaste singelen til Zappa som nådde Topp 40 i USA med ein 32. plass på Billboard Hot 100. Han hadde likevel mykje større hittar i andre delar av verda. Han er ein av dei mest uvanlege Zappa-sognane med tanke på kor relativt «normal» songen er, spelt i 4/4-takt, med unntak av ein 7/8-rytme mot slutten.

Singelen hadde forskjllige B-sider. To av dei var frå same albumet som «Valley Girl:» «No Not Now» og «Teen-Age Prostitute». Ei anna B-side var «You Are What You Is». Ein av versjonane av singelen var på begge sider, med ein kortare versjon på B-sida.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Song Liste Plassering
«Valley Girl» Mainstream Rock 12[5]
Pop Singles 32[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Valley Girl: No Way Rocker's Daughter Talks Like the Record». The Palm Beach Post. AP. 2. september 1982. s. B12. [daud lenkje]
  2. Demarest, Michael; Stanley, Alessandra (27. september 1982). «Living: How Toe-dully Max Is Their Valley». Time Magazine. [daud lenkje]
  3. Donald; Kikisawa; Gaul; Holton (2004). «Language». I Goggans, DiFranco. The Pacific Region (Series: The Greenwood Encyclopedia of American Regional Cultures). Greenwood Publishing Group. s. 281. ISBN 978-0-313-33043-8. Henta 22. august 2014. 
  4. Moley; Muir; Phillips; Smith; Williamson (1985). «Update». Newsweek 106 (1-9): 8.  krev konto
  5. 5,0 5,1 «Salslister and Awards for Ship Arriving Too Late to Save a Drowning Witch». Allmusic. Henta 7. juni 2014.