Valnesfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Straumsnes/Valnesfjord
Valnesfjord.jpg
Geografi
Kommune Fauske
Fylke Nordland
Folkemengd[1] 474 (2012)
Folketettleik 600 /km²
Areal[1] 0,79 km²
Annan informasjon
Ferdselsårer Stamvei 80.svg 
Postnummer 8215 VALNESFJORD

Valnesfjord eller Straumsnes er ein tettstad i Fauske kommune i Nordland. Staden ligg inst i Valnesfjorden ved Valnesfjordvatnet. Straumsnes har 474 innbyggjarar (2012).

Han ligg 18 km frå Fauske og 42 km frå Bodø. Riksveg 80 går gjennom sentrum av Valnesfjord. Jernbanen går òg gjennom Valnesfjord med stopp for lokaltog. Haldeplassen vart opna i 2001.

På Straumsnes finst to daglegvarebutikkar, to frisørar, Valnesfjord Helse- og Sosialsenter, solarium og ein kiosk med ølutsal, bensinpumpe og post i butikk. Kort veg frå sentrum ligg Valnesfjord Oppvekstsenter, Valnesfjord samfunnshus, barnehage, idrettsbane og Valnesfjord kyrkje.

Valnesfjord er mest kjend for Valnesfjord Helsesportsenter. Senteret har spesialisert medisinsk rehabilitering og har 72 plassar og 105 tilsette. Kvart år er om lag 1100 brukarar, dei fleste frå Nord-Noreg innom senteret.

Det er stor kulturell aktivitet i bygda. Jazzmusikarane Atle Nymo og Frode Nymo voks opp her og Kriss Stemland, keyboardist i Hopalong Knut, Samvirkelaget og MetroGnoM har òg sitt opphav her. Det same gjeld illustratøren Gry Moursund. Tidlegare forsvarsminister og stortingspresident Jørgen Kosmo har røter frå bygda og kombinertløparen Simon Slåttvik som har både OL- og VM-gull er vokse opp i bygda. Valnesfjord har to skular - Kosmo Oppvekstsenter og Valnesfjord Oppvekstsenter.

Kjelder [endre]

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.