Valthorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Valthorn.

Valthorn (etter tysk Waldhorn, skogshorn) eller berre horn er eit musikkinstrument i massingblåsarfamilien som er utvikla frå ventillause signal- og posthorn. Valthornet har konisk boring, traktforma munnstykkje, stort sjallstykkje og tre ventilar. Attåt ventilane kan hornisten òg skifta tone ved å føra handi inn i sjallstykkjet. Valthornet har oftast grunntonen F. Ein nyare konstruksjon, dobbelthorn, har ein ekstra ventil som stytter instrumentrøyret, so at hornet høgjer grunntone til B.

Valthornet høyrer til vanleg med i symfoniorkester og janitsjarkorps.