Vanån

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 60°30′35″N 14°14′30″E
Vanån
elv
none
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Län Dalarnas län
Kjelde
Munning Västerdal älv
 - stad Vansbro
 - koordinatar 60°30′35″N 14°14′30″E
Lengd 110 km
Nedslagsfelt 2 380 km²
Vassføring
 - middel 28 /s

Vanån er ei elv i Dalarnas län i Sverige. Ho er den største sideelva til Västerdalälven, med ei lengd på 140 km[1], og eit nedslagsfelt på 1903 km².[2] Ho renn saman med Västerdalälven ved Vansbro. Middelvassføringa er 28 m³/s.[3]

Vanån er mest kjent for symjestemnet Vansbrosimningen, der deltakarane sym kring 2 km langs Vanån og 1 km langs Västerdalälven.

Den største innsjøen i nedslagsfeltet er Venjanssjön. Elva har blitt brukt til tømmerfløyting fram til først på 1970-talet. Det finst fleire mindre vasskraftverk langs elva.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. SMHI:s vattendragsregister
  2. Länsstyrelsen Dalarna: Dalälvens vattenvårdsplan Delområde 26–50
  3. Nationalencyklopedin: Vanån