Van Allen-belte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Illustrasjon av det indre og ytre strålingsbeltet rundt jorda.

Van Allen-belta eller strålingsbelta til jorda er to torusforma belte med elektrisk ladde partikler, hovudsakleg proton og elektron, som er fanga av magnetfeltet til jorda.

Det indre strålingsbeltet vart påvist 31. januar 1958 ved hjelp av geigerteljaren ombord på den første amerikanske satellitten, Explorer I. Det består for det meste av proton med energi opp mot 600 MeV[1], og ligg mellom 700 og 6 000 km over jordoverflata. Protona i det indre strålingsbeltet oppstår når kosmisk stråling kolliderer med med atom i atmosfæren.

Det ytre strålingsbeltet strekkjer seg frå omtrent 15 000 til 25 000 km over jordoverflaten. Det består hovudsakleg av elektron, og varierer i intensitet etter solvindtilhøva. Partiklane i det ytre beltet inkluderer òg ion, for det meste proton, men òg ein liten prosentandel alfapartikler og oksygenion.

Van Allen-belta er oppkalt etter den amerikanske fysikaren James Van Allen, som leia utviklinga av dei vitskaplege instrumenta på satellitta Explorer I og Explorer III. Det er påvist tilsvarande strålingsbelte rundt andre planeter og himmellekamar som har magnetfelt sterke nok til å fange opp romplasma.

Tyding for romfart og satellittar[endre | endre wikiteksten]

Den søratlantiske anomalien[endre | endre wikiteksten]

Utstrekninga av den søratlantiske anomalien (560 km høgd)[2]

Van Allen-belta ligg symmetrisk med den magnetiske aksen til jorda. Sidan denne ikkje er samanfallande med rotasjonsaksen, er strålinga frå det indre strålingsbeltet sterkast i området rundt Sør-Atlanterhavet og svakast nord i Stillehavet. Dette fører mellom anna til at satellittar som går i ein bane over «den søratlantiske anomalien» er ekstra utsett for stråling.

Hubble-teleskopet var opphavleg utstyrt med seks gyroskop, der berre fire var rekna for bruk ved observasjonar og dei to resterande var reservar. Berre eitt år etter oppskytinga i 1990 var to av gyroskopa sett ut av spel, delvis på grunn av auka stråling over den søratlantiske anomalien. I dag er berre to av gyroskopa i drift, og Hubble-teleskopet utfører på grunn av den auka risikoen for strålingsskadar ikkje observasjonar når det passerer dette området.

Menneskeskapte strålingsbelte[endre | endre wikiteksten]

Starfish Prime

9. juli 1962 utførte USA den kjernefysiske prøvesprenginga Starfish Prime høgt oppe i atmosfæren. Prøvesprenginga fann stad 400 km over Johnston Island i Stillehavet, og frigjorde energi tilsvarande 1,4 megatonn TNT. Enkelte av betapartiklane som oppstod etter sprenginga kolliderte med andre partiklar i atmosfæren, og skapte eit glødande lys på himmelen. Andre elektron med høg energi vart fanga opp av magnetfeltet, og danna eit svakt mellombels strålingsbelte som førte til skader på omtrent ein tredjedel av satellittane som fann seg i låg banehøgd.[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Leonty I. Miroshnichenko (2003) Radiation Hazard in Space, s. 8 – Kluwer Academic Publishers. ISBN 978-1402015380.
  2. ROSAT SAA. Vitja 15. juni 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]