Van Mijenfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Van Mijenfjorden er ein fjordarm av Bellsund på vestsida av Spitsbergen på Svalbard. Fjorden strekkjer seg om lag 57 km nordaustover til munningen av Paulabreen. Han har innløp på kvar side av Akseløya, som er ei lang og smal øy som nesten blokkerer heile munningen. Akselsundet ligg på nordsida av øya, medan Mariasundet ligg på sørsida.

Kaldbukta er ei bukt på nordsida av fjorden. Lengst i aust deler fjorden seg i to små armar, Rindersbukta mot søraust og munningen av Paulabreen, og Braganzavågen mot nordaust, som går inn til Sveagruva.

Fjorden ligg mellom Nordenskiold Land i nord og Nathorst Land i sør.