Van de Graaff-generator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Van de Graaff-akselerator)
Enkel Van de Graaff-generator

Van de Graaff-generatoren er ein konstruksjon for tilverking av statisk elektrisitet.

Funksjon[endre | endre wikiteksten]

Prinsippet er at eit ikkje-leiande band av silke eller liknande materiale blir spent over to rullar, der ein rull blir omgjeven av ein metallklode. Når bandet blir sett i rørsle blir kloden ladd opp med positive ladningar gjennom friksjonen til bandet mot ein elektrode som er kopla til kloden. Ein andre elektrode er kopla til den andre rullen og når den statiske oppladinga blir tilstrekkeleg stor skjer eit overslag frå den positivt ladde kloden til den negativt ladde kloden i form av eit lyn.

Utviking[endre | endre wikiteksten]

Van de Graaff-generatoren vart utvikla av fysikaren Robert Van de Graaff og vart vist opp i oktober 1929 ved Princeton university. I løpet av nokre år vart det bygd ein generator som kunne produsere spenningar opp til 1 megavolt. Den var 180 cm høg og hadde to metallklodar på 60 cm i diameter per stykk.

Bruksområde[endre | endre wikiteksten]

Generatoren gjev moglegheit til å gjere høgspenningseksperiment men med ein relativt låg straum. Han er vanleg innanfor skolefysikken og finst også i modifiserte versjonar til forsking rundt til dømes tore og isoleringseigenskapar.

Prinsipskisse
1. Metallklode med positiv ladning
2. Elektrode som slepar mot bandet, kopla til den positive metallkloden
3. Plastrull
4. Positivt ladd del av bandet
5. Negativt ladd del av bandet
6. Metallrull
7. Elektrode kopla til den negativt ladde kloden
8. Metallklode med negativ ladning
9. Overslagslyn
Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.