Vandresegn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vandrehistorie)

Vandresegn er nemninga på ei segn med meir eller mindre utruleg innhald av latterleg, sjokkerande eller skremmande art, og som ikkje er sann, eller i det minste ikkje heilt sann, men som gjev seg ut for å vere sanning.

Slike usanne segner har fått nemninga «vandresegner» av di dei vert spreidde frå person til person utan at det er klårt kven som er opphavet til dei, og dessutan uklårt eller usagt kvar og/eller når den skildra hendinga har gått føre seg. I moderne tid har sosiale media (Internett) vorte viktige kanalar for spreiinga av vandresegner. Vandresegner vert sett på av mange folkelivsgranskarar som vår tids form for det som var soger og folkeeventyr i farne tider, og soleis rekna som den moderne folkediktinga.

Ei vandresegn kan i mange høve ha stor likskap med det fenomenet som vert kalla ei avisand, ei oppdikta og helst litt sensasjonell nyhende som kjem på trykk i aviser av di redaksjonen trur det gjeld ei sann hending eller opplysning. Ei vandresegn kan soleis verte til ei avisand. Både vandresegnene og avisendene kan gå verda rundt på stutt tid på grunn av det ofte særeigne eller sensasjonelle innhaldet i dei, og vert då ofte tilpassa lokale tilhøve på sin veg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ann Sylvi Larsen, Roald Larsen: Hodeløse menn og ihjelfrosne haikere : Levende sagntradisjon fra Nord-Norge. Eureka forlag, Høgskolen i Tromsø 2002 ISBN 8273890503
  • Jan Harold Brunvand: The Vanishing Hitchhiker. American Urban Legends and Their Meanings. W.W. Norton & Company, New York 1981.
  • Jan Harold Brunvand: The Choking Doberman and Other «New» Urban Legends. W.W. Norton & Company, New York 1984.
  • Reidar Th. Christiansen: The Migratory Legends. A Proposed List of Types with a Systematic Catalogue of the Norwegian Variants. FF Communications N:o 175 [Folklore Fellows' Communications], Helsinki 1958. 2. utgåve: Arno Press, New York 1977. ISBN 97-8040-5100-87-1.
  • Eric Hobsbawn & Terence Ranger (eds): The Invention of Tradition. Cambridge University Press, Cambridge 1983. (paperback 1984). ISBN 0521-26985-7
  • Bengt af Klintberg. Råttan i pizzan. Folksägner i vår tid. Norstedts, Stockholm 1986. Norsk utgåve: Den stjålne svigermor. J.W. Cappelens Forlag. Oslo 1987. ISBN 82-02-10932-9.
  • Bengt af Klintberg: Den stulna njuren. Sägner och rykten i vår tid. Norstedt, Stockholm 1994. ISBN 91-1-949042-9. Billigutgåve som MånPocket, Stockholm 1996.
  • Bengt af Klintberg: Glitterspray och 99 andra klintbergare. Stockholm 2005.