Vandremaur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maur i den afrikanske slekta Dorylus på raid.
Foto: Mehmet Karatay

Omgrepet vandremaur, òg kalla hærmaur, brukast om over 200 maurartar i ulike biologiske utviklingslinjer. Namnet er frå den aggressive beiteframferda dei gjer i store grupper, kjent som raid eller tokt, der store mengder maurar beitar samstundes i ein stor sverm eller kolonne, ved å åtake alle byttedyr dei treffer på over eit visst område.

Eit anna fellestrekk er at vandremaur i motsetnad til dei fleste andre maurartar ikkje byggjer permanente bol, ein vandremaurkoloni flyttar seg nesten ustanseleg i løpet av den tida han eksisterer. Alle artane er medlemmer av maurfamilien, formicidae, men det er fleire grupper som har utvikla seg uavhengig det same grunnleggjande åtferdsmessige og økologiske syndromet. Dette syndromet er ofte referert til som «legionærframferd», og er eit døme på konvergent evolusjon.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dawkins, Richard (2000) [1986]. «4. Making tracks through animal space». The Blind Watchmaker. Penguin books. ss. 132. ISBN 0-140-29122-9. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]