Vandreslått

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein vandreslått er ein slått som finst i mange variantar over eit stort tradisjonsområde. Slåtten vert kalla slik av di han har vandra med ulike spelemenn og andre folkemusikarar over lang tid, og spreidd seg. Desse slåttane har vore svært populære, og stundom er det ikkje lett å finne opphavet til dei, eller staden dei sprang ut frå. Variantgruppene er gjerne kalla slåttekrinsar.

Det motsette av vandreslåttar er stadeigne slåttar, som ikkje har vore å finne andre stader enn i eitt einskild distrikt, dalføre eller kommune. Definisjonen av vandreslått er noko flytande, men ein legg stort sett til grunn at slåtten finst i minst to distrikt innanfor Hardingfeleområdet. Vandringsruta følgjer gjerne ferdsla til kjende spelemenn frå eit område til eit anna. Nokre av slåttane kan sporast eit godt stykke attende i tid, men sjeldan lenger enn 1700-talet. Statistikken nedanfor syner at mange av dei mest utbreidde slåttane høyrer til slåttetypen gangar i 2/4-takt. Gangarane i båe taktformer syner størst utbreiing, framfor springarane. Slåttevandringa skaut for alvor fart kring 1800 og utover.

Dei fleste slåttane av dette slaget syner ofte to kjerneområde, gjerne Krødsherad og Hardanger. Slåttar som kan sporast attende til minst to spelemenn på 1700-talet, som levde i kvar sin ende av tradisjonsområdet, er den eldste typen vandreslåttar. Nokre slåttar kan på same vis sporast attende til ein spelemann i eitt område, til dømes Nils Rekve eller Guttorm Grimelid. I løpet av dei neste hundre åra har slåtten rukke å verte assimilert inn i den lokale slåttetradisjonen. Eit døme i lista nedanfor, hallingen Skorin, har vandra i nyare tid. I dette høvet kan tradisjonen daterast til eit møte mellom Sevat Sataøen og Olav Groven kring 1920. Difor er det noko uvisst om nett denne slåtten fyller kriteria for vandreslåttar, sidan slåtten ikkje "seig ned" i telemarkstradisjonen på same vis som slåttane Knut Lurås henta hjå Nils Rekve.

I dag er det vondt å seia om det kjem nye vandreslåttar til, ettersom yngre spelemenn hentar slåttar som dei vil frå heile hardingfeleområdet, sjølv om alle tek hand om kvar sin kjernetradisjon. Alle er samde om kva for slåttar som høyrer heime i ulike dalføre, slik at ein gangar frå Telemark held seg som Telegangar, jamvel om han er spela av ein spelemann frå Valdres.

Kjende slåttekrinsar[endre | endre wikiteksten]

Gangar i 6/8[endre | endre wikiteksten]

Desse slåttane finst i hardingfeleverket band I.

Gangar i 2/4[endre | endre wikiteksten]

Alle desse finst i Hardingfeleverket, band 3 (supplementsformer band 7).

Springar[endre | endre wikiteksten]