Vandringa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bøkene i Dansen gjenom skuggeheimen

Vandringa (1923) er plassert som det tredje bindet i den episke kronologien[1] til romanserien Dansen gjenom skuggeheimen av Kristofer Uppdal, men står relativt fritt i høve til dei lange episke linjene i verket elles. Hovudpersonen Øl-Kalle, eigentleg Kal Ølstad, opptrer berre som bifigur i nokre av dei andre binda. Romanen er ein meir tradisjonell utviklingsroman enn dei fleste andre bøkene i verket, og kan lett lesast uavhengig av desse.

Steinkjer ca. 1890, då Uppdal og Øl-Kalle budde der

Unge menn sitt oppbrot frå bondesamfunnet og klassereisa deira inn i arbeidarklassen er eit hovudmotiv i heile verket. Likevel vert sjølve oppbrotet og årsakene til dette lite skildra. Denne «proletariseringa av bondeungdom» er likevel hovudmotivet i romanen, som forfattaren sjølv tematiserte som «lausrivinga frå upphavet». Livsferda til Kal Ølstad vert skildra frå femårsalderen, gjennom familien sitt oppbrot frå garden, flytting til byen, tapet av mora, og livet som gjetargut, anleggsarbeidar og til slutt uteliggjar i Kristiania. Romanen fortel både om den individuelle livsreisa hans frå Kal Ølstad til Øl-Kalle, og om den store reisa som familien og bondestanden gjer.

Romanen har eit meir sjølvbiografisk preg enn mange av dei andre binda i serien. Uppdal var sjølv eldste son på garden Opdal i Beitstad, ein gard faren måtte selje då Kristofer var fire år gammal, og familien busette seg deretter i Steinkjer. Sju år gammal miste han mora, og etter at faren stifta ny familie, vart han sett bort i teneste på ulike gardar i Steinkjerområdet. Romanen gjentek også mykje av materialet frå den fyrste prosaboka til Uppdal, novellesamlinga Ved Akerselva (1910), der novellene var skrivne i eg-form. Samanlikna med novellene, har romanen meir stoff frå barndommen til hovudpersonen og familien sitt oppbrot frå garden.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hovudkjelda for omtalane av dei enkelte binda i verket er Leif Mæhle sine føreord til kvart bind i nyutgåva frå 1985–1991 og presentasjonen av romanane på nettstaden uppdal.no