Vaner
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vanene var ei av dei to gudeættene i norrøn mytologi. Dei best kjende vanene var Njord, Frøy og Frøya, som kom til Åsgard som gissel etter den store krigen mellom dei to gudeættene.
Vanene er knytt til grøde og vokster. Vanekulten er til eit visst mål knytt til alvane, og vanaheim og alvheim ligg i følgje Snorre nær einannan. Frøy-blotet vart óg kalla Alfablót i norrøn tid. Dei kan sjåast som representantar for den gamle grødereligionen, medan æsene med Odin og Tor i spissen i større grad stod for det krigerske og patriarkalske.
Valknut, eit trussymbol for nokre moderne vanedyrkarar.
Gjenoppliva dyrking av dei norrøne gudane som legg mest vekt på vanane kan kallast vanatru.
Bakgrunnsstoff [endre]
- dokpro.uio.no - «Van» i Nynorsk- og Bokmålsordboka frå Universitetet i Oslo.
Denne religionsartikkelen som har med historie å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.