Vanessa Hudgens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vanessa Hudgens
Vanessa Hudgens 9, 2012.jpg
Ekte namn Vanessa Anne Hudgens
Fødd 14. desember 1988, Salinas i California i USA
Yrke Skodespelar, songar
Kjende rollar Gabriella Montez i High School Musical

Vanessa Anne Hudgens (fødd 14. desember 1988) er ein amerikansk songar og skodespelar. Ho gjorde sin debut i 2003 og var med i Hollywood-filmane Thirteen og Thunderbirds før ho vart kjend i 2006 i Disney Channel-filmen High School Musical. Hudgens byrja som songar, og lanserte debutalbumet V, i 2006. I 2007 vart ho modell for Neutrogena.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Vanessa Anne Hudgens vart fødd 14. desember 1988 i Salinas, California. Ho har ei yngre syster, Stella Teodora Hudgens, som også er skodespelar. Foreldra heiter Greg Hudgens og Gina Guangco Hudgens. Vanessa Hudgens sa om anane sine: «Eg er mest filippinsk og amerikansk, men eg er også spansk, kinesisk og irsk». Den profesjonelle karrieren hennar starta då ho var åtte år, og sidan har Hudgens vore med i fleire produksjonar som Carousel, The Wizard of Oz, The King and I, The Music Man og Cinderella. Etter å ha fått ein plass i ein reklameproduksjon flytta ho og familien til Los Angeles. Ho er gode venner med andre kjendisar som Miley Cyrus, Alexa Nikolas og bestevennen Ashley Tisdale. Ho var tidlegare forlova med motspelar Zac Efron.