Vanleg hønsegras
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Vanleg hønsegras | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Plantae | |
| Klasse: | Eudicotyledonae | |
| Orden: | Caryophyllales | |
| Familie: | Polygonaceae | |
| Slekt: | Persicaria | |
| Art: | P. maculosa | |
| Vitskapleg namn | ||
| Persicaria maculosa | ||
Vanleg hønsegras (Persicaria maculosa, tidlegare Polygonum persicaria) er ei eittårig urt i syrefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Hønsegras har til dels vore skilt ut som ei eiga slekt, persicaria. Planta vert kring 4 dm høg og har opprett snau stengel. Blad snaue ovanpå, ofte med ein mørk flekk. Slirene har ein raud ring nedst og lange hår i kanten. Kvite eller bleikraude blomstrar utan kjertelhår. Trekanta eller flat nøtt. Blømer kring juli månad. Vanleg hønsegras er eit ugras som mest veks i åker. Finst i Noreg nord til Alta.
Kjelder [endre]
- Dansk wikipedia.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.