Vansbro kommun
| Vansbro kommun | |
Kommunevåpenet til Vansbro kommun |
|
| Len | Dalarnas län |
| Landskap | Dalarna |
| Centralort | Vansbro |
| Areal | 1 667,17 km² |
| – Landareal | 1 548,70 km² |
| – Vassareal | 118,47 km² |
| Folketal | 6 959 |
| Folketettleik | 4,49/km² |
| Kommunenummer | 2021 |
| Nettside | www.vansbro.se |
| Kart | |
|---|---|
Vansbro kommun er ein kommune i Dalarnas län i Sverige. Kommunen grensar til fem andre kommunar i Dalarnas län, Mora kommun i nord, Leksands kommun i nordaust, Gagnefs kommun i aust, Ludvika kommun i sør og Malung-Sälens kommun i vest. I tillegg grensar han til Filipstads kommun i Värmlands län i sørvest. Administrasjonssenteret i kommunen er Vansbro.
Vansbro kommun har eit kupert og skogkledd landskap med mykje myrmark. Västerdalälven renner gjennom kommunen, som er ein jord- og skogbrukskommune.
Innhaldsliste |
Administrativ historikk [endre]
Dei tre kommunane Järna, Nås og Äppelbo vart ikkje påverka av den fyrste landsomfattande kommunereforma i 1952, men heldt i staden fram som eigne kommunar til den andre kommunereforma i 1971. Då vart dei slått saman til Vansbro kommun, med namn etter administrasjonssenteret Vansbro (som var municipalsamhälle frå 1911 til 1960).
Kommunevåpenet [endre]
Blasonering: På blå bakgrunn, ei øks og eit sverd i kross, med eit jernmerke i den øvre krossvinkelen, alt i gull..[1]
Alle dei tre tidlegare einingane som i 1971 oppretta kommunen hadde, som mange andre i Dalarna, eigne heraldiske våpen. Ein valde i byrjinga å bruke alle tre med eit blått band som bakgrunn. I 1986 vart det noverande våpenet registrert i Patent- och registreringsverket. Det inneheld element frå alle dei tre tidlegare våpena.
Tettstader [endre]
Det er fire tettstader i Vansbro kommun.
Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.
| Nr. | Tettstad | Folketal |
|---|---|---|
| 1. | Vansbro | 2 030 |
| 2. | Järna | 1 429 |
| 3. | Nås | 455 |
| 4. | Äppelbo | 261 |
Kjelder [endre]
- Artikkelen var opphavleg basert på ei omsetjing av «Vansbro kommun» på Wikipedia på svensk.
- «Vansbro – kommune» på Store Norske Leksikon.
Fotnote [endre]
- ↑ «I blått fält en yxa och ett svärd i kors, i övre korsvinkeln åtföljda av ett järnmärke, allt av guld.».
|
|
||
|---|---|---|
| Avesta · Borlänge · Falun · Gagnef · Hedemora · Leksand · Ludvika · Malung-Sälen · Mora · Orsa · Rättvik · Smedjebacken · Säter · Vansbro · Älvdalen | ||
| Sjå òg: Liste over Sveriges kommunar | ||