Vansjø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vansjø
Vansjø -
Stad Moss, Råde, Rygge, Våler (Østfold)
Koordinatar 59°24′47″N 10°42′43″EKoordinatar: 59°24′47″N 10°42′43″E
Overflateareal 36,94 km²
Middeldjupne 7,4 m
Hydraulisk opphaldstid 280 døgn
Kystlengd1 175,41 km
Høgd over havet 25 moh
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Vansjø er ein innsjø i Østfold fylke. Det er truleg at namnet Vansjø kjem av Varna sjor, som er det gamle namnet på Rygge sokn. Det kan òg stamme frå det gammalnorske ordet vorn som tyder «vern». Namnet har truleg ingenting med vatn å gjere.

Med ei samla strandlinje på om lag 175 km og eit areal på 36,9 km², er Vansjø den største innsjøen i Østfold. Vansjølandskapet er fullt av fjordar, øyar, holmar og sund, og innbyr til friluftsliv og naturopplevingar.

Vansjø renn ut i Mosseelva, der Mossefossen gav kraft til sagverksdrift og mølleverksemd. Mossefossen, som ein gong danna grunnlaget for utviklinga av Moss by, er i dag utnytta til kraftproduksjon. Kraftverket har ein årsmiddelproduksjon på ca 5 GWh. Vansjø vert òg nytta som drikkevasskjelde i store delar av Mosseregionen (ca. 60 000 menneske [1]).

Geografi og landskap[endre | endre wikiteksten]

Vansjø er ein del av Morsavassdraget som strekkjer seg frå Østmarka i Oslo i nord til raet gjennom Østfold i sør. Vansjø ligg langs raet, lengst sør i Morsavassdraget, og har utløp i Mosseelva som renn ut i Oslofjorden i Moss.

Tilløpselver[endre | endre wikiteksten]

Vansjø har fire tilløpselvar.

  • Hobølelva har utspring frå Sværsvann i Oslo, nedbørfelt 331 km², midlare vassdrag 5,4 m³/sek.
  • Svinna har utspring frå Rusviktjern i Våler, nedbørfelt 103 km², midlare vassdrag 1,6 m³/sek.
  • Mørkelva har utspring frå Bergsjøtjern i Våler, nedbørfelt 58 km², midlare vassdrag 0,9 m³/sek.
  • Kirkelva har utspring frå Bølertjern i Hobøl, nedbørfelt 37 km², midlare vassdrag 0,6 m³/sek.

Når bekkar og andre mindre tilløp er inkludert vert samla nedbørfelt på 690 km² og midlare vassdrag 10,8 m³/sek. Vatnet si teoretiske opphaldstid i Vansjø er 280 døgn. Normalvasstanden er på 25 m over havet, men vasstanden vart tappa ned til 24 m i februar og september for å møte vår- og haustflaumen.

Øyar[endre | endre wikiteksten]

To av dei største øyane i Vansjø, Dillingøya og Oksenøya, har vegsamband og er busett. I tillegg har Bliksøya og Langøya vegsamband. Desse er ikkje busett, men det er bygd hytter her. Frå byrjinga av 1800-talet og fram til mellomkrigstida var òg fleire av dei andre øyane i Vansjø busett, t.d. Gressøya, Tombøya, Burumøya, Østenrødøya og Gudøya.

Naturreservat[endre | endre wikiteksten]

Vestre Vansjø og Moskjæra naturreservat vart oppretta i 1992 for å bevare desse viktige våtmarksområda med vegetasjon og dyreliv. Spesielt har det rike fuglelivet vore ei viktig årsak for å frede områda.

Fauna og flora[endre | endre wikiteksten]

Fisk[endre | endre wikiteksten]

Åbor

I alt 13 forskjellige fiskeartar er registrert i Vansjø:

Fugl[endre | endre wikiteksten]

Sivhøne

Vansjø har eit rikt fugleliv. Av hekkefuglane finn ein:

På nokre mindre skjer hekkar òg kystfuglar som:

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Danninga av raet gjennom Østfold under siste istid, og landhevinga etter istida førte til ei oppdemming av det som no er Vansjø. Havet vart stengt ute, og ferskvatn strøymde til frå landområda lenger nord.

Funn av reiskap etter steinalderfangstmenn viser at menneska tok i bruk området rundt Vansjø i yngre steinalder, truleg før Vansjø var vorte ein innsjø. Området var på den tida ei bukt i sjøen, rikt på fisk, sel og vilt. Under yngre steinalder stod vatnet om lag 25 meter høgare enn i dag. Sidan Vansjø ligg 25 moh tyder det at strandlinja stort sett er uendra sidan den gongen. Dei første menneska i vansjøområdet slo seg ned på raet. Sjølv dei sørvendte hellingane med lettdriven og sjølvdrenerande sandjord var veldig godt eigna til jordbruk, var jordbruk i denne perioden berre ei attåtnæring. Det var jakt og fiske som var det viktigaste næringsgrunnlaget.

Vansjø vart ferskvassjø omtrent i overgangen mellom yngre steinalder og bronsealderen. Det er funne mange gravplasser frå bronsealderen, både på øyane og i strandområda rundt innsjøen. Det store talet gravplasser frå bronsealderen viser at området hadde ein stor busetnad. Vansjø var òg ei viktig ferdselsåre vidare innover i landet på denne tida. Ein haustdag i 1926 vart det gjort eit stort funn frå bronsealderen på Østenrødøya. Ein skadeskoten hare prøvde å gøyme seg i ei steinur, og då jegeren trekte han fram fann han to rikt dekorerte hengekar i bronse og ein kupa, som er ei type beltespenne som kvinner bar.

Det er gjort relativt få funn av fornminne frå jernalderen og vikingtida i området rundt Vansjø. Dei viktigaste funna frå denne tida er bygdeborgene, som det er funne restar etter ved Gammeleng, ved Sperrebotn og på Slottsholmen. Jernalderen var ei uroleg tid og bygdeborgene, som var erobra fjellkoller, tente som tilfluktsstad. Slottsholmen ligg ute i Vansjø, langt frå næraste jordbruksområde, noko som tyder på at dette var ein tilfluktsstad for dei som tok vassvegen over Vansjø.

Fram til midten av 1300-talet var perioden prega av nyrydding og busetnad. I mellomalderen var det vanleg å gje nye gardar namn som enda på -rød, som tyder «rydning». Sidan det er mange gardsnamn som endar på -rød ved Vansjø tyder dette på stor tilflytting eller folkevekst i perioden. I løpet av mellomalderen vart jordbruk den viktigaste næringa, medan jakt og fiske vart binæringar.

På slutten av 1400-talet låg det nokre få møller og hus ved Mossefossen. Dette endra seg raskt, og omkring år 1500 vart Mossefossen teke i bruk som kraftkjelde for sagbruksdrift. Mossefossen var truleg den første staden i Noreg der vassaga - oppgangssaga - vart teke i bruk. Hundre år seinare var det om lag 30 sager i drift. På 1700-talet vart det bygd eit jernverk på nordsida av fossen.

Miljø og miljøvern[endre | endre wikiteksten]

Vansjø-Hobølvassdraget, òg kalla Mossevassdraget eller Morsa, er i dag sterkt overbelasta med næringssalt.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Vansjøboka, Samarbeidsutvalget for Vansjø-Hobølvassdraget, 1985
  • Båtsportkart over Vansjø, Råde Bok og Foto, 1987
  • Tur- og fritidskart over Vansjø, Statens Kartverk Østfold, 1994.
  • Vansjø - en unik naturperle, Øyvind Martinsen, 2006.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Vansjø - ei unik naturperle, Øyvind Martinsen, Orion forlag ISBN 978-82-458-0815-5