Vansjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 38°38′N 42°49′E
Vansjøen
innsjø
none  Frå verdsrommet, september 1996(toppen av biletet er om lag nordvest)
Frå verdsrommet, september 1996
(toppen av biletet er om lag nordvest)
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Region Aust-Anatolia
tilsig Karasu, Hoşap, Güzelsu, Bendimahi,
Zilan og Yeniköprü[1]
utløp ingen
Byar Van, Tatvan, Ahlat, Erciş
koordinatar 38°38′N 42°49′E
Lengd 119 km
Høgd 1 640 m
Middeldjupne 171 m
 - Største djupne 451 m
Volum 607 mill m³
Nedslagsfelt 12 500 km²
Areal 3 755 km²
Innsjøtype saltsjø
kystlengd 430 km
øyar Akdamar,
Çarpanak Adası (İçeriçarpanak),
Adırøya (Lim),
Kuşøya (Arter)
Turkey location map.svg
Locator Red.svg

Vansjøen (tyrkisk Van Gölü, armensk Վանա լիճ Vana lich eller Vana Lij, kurdisk Gola Wanê[2][3] er den største innsjøen i Tyrkia, heilt aust i landet i provinsen Van. Han er ein salthaldig kolsyrehaldig innsjø som får vatn frå mange fjellbekkar frå dei omkringliggande fjella. Vansjøen er ein av dei største endorheiske innsjøane (har ingen utløp) i verda. Det opphavlege utløpet vart blokkert av eit eldgamalt vulkanutbrot. Sjølv om Vansjøen ligg 1640 meter over havet med harde vintrar, frys han ikkje til på grunn av det høge saltinnhaldet. Den grunne, nordlege delen av innsjøen kan likevel stundom fryse til.[4]

Akdamarøya og Den armenske katedralen av den heilage krossen, ei kyrkje frå 900-talet og eit klosterområde. Den sovande vulkanen Süphan ligg i bakgrunnen.

Vansjøen er 119 km på det breiaste og har ei middeldjupne på 171 meter. På det djupaste er han 451 meter.[5] Sjøoverflata ligg 1640 meter over havet og kystlengda er 430 km. Vansjøen har eit areal på 3 755 km² og eit volum på 607 km³. Vestdelen av innsjøen er den djupaste med eit stort basseng som er djupare enn 400 meter nordaust for Tatvan og sør for Ahlat. Austdelen av innsjøen er grunnare. Vatnet i innsjøen er særs alkalisk (pH 9.7–9.8) og rikt på natriumkarbonat og andre salt, som vert utskilt ved ordamping og nytta som reinsemiddel.[6]

Utløpet til innsjøen vart blokkert ein gong i pleistocen, då lavastraum frå Nemrut hadde utbrot. Den no sovande vulkanen ligg nær vestenden av innsjøen. Ein annan sovande stratovulkan, Süphan Dağı ligg på nordsida av innsjøen.

Den sovande vulkanen Çadır sett frå Akdamarøya

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Den einaste fisken ein kjenner til som lever i Vansjøen er ein fisk kjend som darekh (Chalcalburnus tarichi),[7] ein karpefisk i slekt med årbuk og gullbust , som kan fangast på våren. I mai og juni trekker desse fiskane bort frå innsjøen til mindre alkalisk vatn.

Det er registrert mykje planteplankton i innsjøen som flagellatar, kiselalgar, bakteriar, cyanobakterie, grønalge og brunalge. Det er òg registrert 36 artar dyreplankton som hjuldyr, vasslopper og hoppekreps i innsjøen.[8]

I 1991 oppdaga forskarar ein 40 meter høg stromatolitt i Vansjøen. Desse er solide tårn på botn av innsjøen skapt av matter av kuleforma cyanobakteriar som dannar aragonitt i kombinasjon med kalsitt i vatnet.[9]

Kring Vansjøen finn ein òg den sjeldne kattearten vankatten, som mellom anna er jkend for den uvanlege fascinasjonen sin for vatn.

Sidan kring 1995 har det vore rapportar om ein sjøorm på kring 15 meter, kalla Van Gölü Canavarı (Monsteret i Vansjøen).

Innsjøen er omgjeve av jordbruksområdet der vert dyrka frukt og korn.

Øyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Coskun, M.; Musaoğlu, N. (2004) (PDF), Proceedings of the 20th Congress of the International Society for Photogrammetry and Remote Sensing, Investigation of Rainfall-Runoff Modelling of the Van Lake Catchment by Using Remote Sensing and GIS Integration 
  2. Rojnameya AVESTA. Avestakurd.net. Retrieved on 27 September 2010.
  3. Kîne em ? – CD 5. Institutkurde.org.
  4. The New Encyclopædia Britannica, Vansjøen
  5. Degens, E.T.; Wong, H.K.; Kempe, S.; Kurtman, F. (June 1984), «A geological study of Vansjøen, eastern Tyrkia», International Journal of Earth Sciences (Springer) (2): 701–734, doi:10.1007/BF01824978, http://www.springerlink.com/content/x5285613642v3665/ 
  6. Sari, Mustafa (2008), «Threatened fishes of the world: Chalcalburnus tarichi (Pallas 1811) (Cyprinidae) living in the highly alkaline Lake Van, Turkey», Environmental Biology of Fishes (Springer Netherlands) (1): 21–23, doi:10.1007/s10641-006-9154-9. 
  7. Journal; Fish Physiology and Biochemistry
  8. Selçuk 1992
  9. Kempe, S.; Kazmierczak, J.; Landmann, G.; Konuk, T.; Reimer, A.; Lipp, A. (14 February 1991), «Largest known microbialites discovered in Lake Van, Turkey», Nature (6310): 605–608, doi:10.1038/349605a0, http://www.nature.com/nature/journal/v349/n6310/abs/349605a0.html 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vansjøen