Varbergs kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Varbergs kommun
Varberg vapen.svg
Kommunevåpenet til Varbergs kommun
Len Hallands län
Landskap Halland og Västergötland
Centralort Varberg
Areal 914 km²
 – Landareal 874 km²
 – Vassareal 40 km²
Folketal 56 673
Folketettleik 62/km²
Kommunenummer 1383
Nettside www.varberg.se
Kart
Varberg Municipality in Halland County.png

Varbergs kommun er ein kommune i Hallands län i Sverige som ligg ved Kattegat. Kommunen grensar i Hallands län til Kungsbacka kommun i nord og Falkenbergs kommun i sør. Han grensar også til Marks kommun i Västra Götalands län i nord og Gislaveds kommun i Jönköpings län i nordaust. Administrasjonssenteret i kommunen er Varberg.

Varberg er ein kystkommune med kupert innland. I sør er kystlandskapet flatt, og i nord er det skjergardslandskap. Kommunen har eit variert næringsliv med ein stor tenestesektor, men også med ein relativt stor del produksjonsindustri. Kommunesenteret Varberg har ei større hamn.

Administrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

Innanfor det noverande området som utgjer kommunen, fanst det i 1863, då dei svenske kommunalforordningane tredde i kraft, 24 landskommunar, samt Varbergs stad. Dette heldt fram slik til den riksomfattande kommunereforma i 1952, då dei vart grupperte i desse storkommunane: Himledalen (av kommunane Grimeton, Gödestad, Hunnestad, Nösslinge, Rolfstorp, Skällinge), Tvååker (av Dagsås, Spannarp, Sibbarp, Tvååker), Lindberga (av Lindberg, Stamnared, Torpa, Valinge), Veddige (av Sällstorp, Veddige og Ås), Värö (av Stråvalla og Värö) samt, i Älvsborgs län, Kungsäter (av Gunnarsjö, Grimmared, Karl Gustav og Kungsäter). Det vart ikkje gjort endringar i Varbergs stad og Träslöv den gongen, men i 1967 vart Träslöv innlemma i byen.

1. januar 1971 vart det innført einskapleg kommunetype, og Varbergs kommun vart oppretta. Samtidig vart også dei andre einingane innlemma i den nye kommunen, noko som for Kungsäter sin del medførde lensbyte, frå Älvsborgs län til Hallands län.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: På sølvfarga bakgrunn, ei grøn eik frå eit grønt fjell, med eit raudt tårn med topp til høgre, og til venstre ein oppreist raud- og gullfarga bukk.[1]

Våpenbiletet kan førast tilbake til eit bysegl frå 1536, og våpenet vart teke i bruk for byen i 1938. Etter kommunesamanslåinga i 1971 kom ein fram til at våpenet passa for heile kommunen, og fekk det registrert hjå Patent- och registreringsverket i 1974. Også Lindberga hadde eit våpen, som var frå 1950-talet.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Det er 16 tettstader i Varbergs kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1. Varberg 26 041
2. Tvååker 2 390
3. Veddige 2 192
4. Träslövsläge 1 985
5. Bua 1 792
6. Trönninge 847
7. Skällinge 603
8. Södra Näs 600
9. Väröbacka 521
10. Rolfstorp 502
11. Tångaberg 445
12. Åsby 429
13. Kungsäter 360
14. Tofta 350
15. Himle 259
16. Löftaskog 226

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «I fält av silver en från ett grönt treberg uppväxande grön ek, åtföjd till höger av ett på berget stående, rött torn med huv, till vänster av en likaledes på berget stående upprest, röd bock med beväring av guld».