Varde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Varde kommune i Danmark.
Synesvarden i Time kommune i Rogaland.

Varde eller vete er ein trestabel som i tidlegare tider vart sett opp på fjelltoppar for å varsla om krig. For å varsle krig og ufred vart varden tent så folk vart varsla. I nyare tid har varde vorte ei nemning på ein haug med steinar som vert lødd opp som vegmerke.

Vardesystemet[endre | endre wikiteksten]

Vardane var del av eit varslingssystem basert på lyssignal. Som regel var dei konstruksjonar av stein eller tre som var plasserte på høgdedrag i terrenget. I ufredstid kunne vardane få eigne vardevakter, og ved eit eventuelt åtak ville vardane verta tende. På denne måten kunne meldinga sendast over store avstandar.

Systemet er kjend over heile verda. I Europa er det spesielt dei vardesystema som var i bruk i det klassiske Hellas og i Romarriket som er kjende.

Skandinaviske vardar[endre | endre wikiteksten]

I Skandinavia vart vardar truleg nytta så tidleg som i den eldre jernalderen, men kan ha vore i bruk tidlegare. I Noreg er det spesielt to periodar som er kjend for vardebygging og vardeteneste. Den første er frå Håkon den gode si tid fram til byrjinga av 1300-talet, medan den andre er frå Kristian IV av Danmark-Noreg si tid fram til 1814. Vardetenning kunne vera eit signal på at leidangen skulle bu seg til strid. Leidangen var eit system der bøndene langs kysten utrusta skip og stilte mannskap.

Det første vardesystemet i Noreg skal ha gått langs heile kysten frå Båhuslen til Varangerfjorden. Det var òg avgreiningar innover fjordane.

Under kong Kristian IV på 1600-talet, vart eit mogleg åtak frå Sverige avgjerande for plasseringa av vardane. Systemet vart no laga til frå svenskegrensa innover Austlandet og Trøndelag, med avgreiningar innover dalføra. Enkelte vardar frå denne tida har vorte teke vare på fram til nyare tid. Ein varde vart stort sett utgjort av 3–3,5 meter lange trestokkar stabla i ein ring på mellom fire og fem meter. Ved vardane kunne det verta sett opp vardehytter av tre eller stein.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]