Vardim
Vardim (bulgarsk остров Вардим, ostrov Vardim) er den tredje største bulgarske øya i Donau, like i nærleiken av landsbyen Vardim (i Svisjtov kommune og provinsen Veliko Tarnovo). Ho er del av eit verna våtmarksområde der sjeldne fugleartar hekkar.
Biologisk mangfald [endre]
Bortsett frå Vardim eika, ein spesiell hygrofil type sommareik, finst det andre typar eik og alm på Vardim øy, i tillegg til kvitpil, sølvpoppel, svart akasie, svartpoppel og klosterklokke. [1]
Øya er ein av dei fem viktigaste hekkeområda i landet for storskarv, natthegre og skjestork, og dermed eit viktig internasjonalt ornitologisk område. Totalt hekkar 21 fugleartar, som er verna i landet, på øya.[2] Av 75 fugleartar på Vardim er 31 av dei viktige i Europa. Ein kan mellom anna sjå havørn på øya, og fram til 1985 mellom anna bronseibis og dvergskarv.
For å verne den naturlege Vardim-eika og dei mange vadefuglane, vart området eit naturreservat 5. mars 1971. Reservatet dekkjer eit området på 0,718 km², der 0,646 km² er dekka av skog. 2. juli 1998 vart området omkategorisert som eit verna område med eit areal på 0,987 km².
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Vardim Island frå Engelsk Wikipedia .