Varholmen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Flåvær

Varholmen er ei lita holme i Flåvær, ei lita gruppe med holmar på Herøyfjorden i Herøy på Sunnmøre,

”Varholmen” har kanskje fått namnet etter varde, då holmen fleire gonger i eldre og også nyare kart vert nemnd som ”Vardholmen” – kanskje kan det symbolisere ein holme med ein varde også i dag med den høgreiste fyret som kan sjåast på fleire sjømil, plassert heilt ute på vestspissen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

På Varholmen har det budd folk i alle fall sidan 1700-talet og den fyrste som vi veit om, flytte frå holmen i 1773. Han heitte Rasmus Sjurson Vik i frå Syvde. Han hadde bygsla Varholmen og flytte utan å seie opp. Han vart stemd av jordeigaren Christian Rønneberg i 1774.

Ein annan brukar av Varholmen var Solmund Pederson Skare som var brukar frå 1811 til 1825. Han vart innkalla som vitne i ei rettssak 12 desember 1814. Rettssaka var om eit forlis som hende ved Flåvær 20-28 november same år. To mann frå Igesund måtte sone på tukthus fordi dei hadde stole frå lasten. Og to mann i frå Vikane fekk ”streng irettesettelse”. Båten som forliste var ei råseilerjekt som var heimehøyrande i Volda og eigar var Frantz Colbeinsen Berge. Etter det som står i sjøforklaringa omkom alle mann!

Varholmen har 2 bruk 64/2 og 64/7

Alfred og Gerhard Warholm kjøpte Varholmen med Gustav Wiig i den 12 November i 1907. Kjøpesummen var Kr. 2000,- Då hadde allereie to generasjonar av vår slekt budd her sidan 1847.

Alfred og Gerhard kjøpte Varholmen i lag. Den 17. juni 1922 vart det halde skyld- delingsforretning og Varholmen vart delt i to like store delar.

Varholmen og bygningane[endre | endre wikiteksten]

Då Alfred og Gerhard kjøpte Varholmen var faren Rasmus Varholm brukar, han hadde plass sedel frå Gustav Wiig. På holmen var det då eit sjøhus og bustadhus. Sjøhuset var då plassert nedom ”gamlehuset” (pkt.1). Alfred bygde nytt hus i 1916 og sette dette opp i nærleiken av gamlehuset.

[1] Gerhard kjøpte eit hus same året på Kvalsund Han reiv huset og flytte det på Varholmen.. Huset til Gerhard kjem frå Kopperstad Det var i si tid største huset på Kvalsund og eine stova var brukt til skule. Frå ubekrefta hold har vi fått vite at huset vart teke av eit ras på Kopperstad og forskyve på murane. Mads Kopperstad prøvde å få huset på murane att, men det let seg ikkje gjere. Difor vart huset til sals og Gerhard kjøpte det og frakta huset på Varholmen. Han leigde ein snikkar frå Gursken til å sette opp murane og han hadde og ansvaret for å setje oppatt huset. Arka på huset har truleg ikkje vore på huset frå starten av, då dette er av eit meir moderne tømmer, men truleg påsett når huset vart oppatt bygd på Varholmen

Alfred og Gerhard bygde nytt sjøhus i 1912 (pkt.2). Dei bygde lødebygning i 1914 (pkt.3) Gamlehuset på Varholmen vart reve ned selt til Aurvåg, Det er ombygd ein del men er bebudd den dag i dag. Løda datt ned på 70-talet på grunn av manglande vedlikehald. Sjøhuset brann ned sommaren 1976. Idar Warholm søkte om å få setje opp att sjøhuset og fekk godkjent byggjeløve i 1992. Sjøbuda etter båten ”Leine – Leifen” på Leinøy fekk Idar Warholm ta over frå kommuna då området sjøbuda stod på vart omregulert til industriområde og buda skulle rivast. ”Leine Leif” buda vart reve ned i 1998 og det er meininga å sette den opp att på Varholmen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kopi av eit kart over Varholmen frå ca_ 1975 __.