Varig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Varig


BransjeLufttransport
Skipa7. mai 1927
MorselskapFundação Ruben Berta
DotterselskapTAP Manutenção e Engenharia Brasil S.A, Serviços Auxiliares de Transportes Aéreos
HovudkontorPorto Alegre
LandBrasil
Adm.dir.Otto Ernst Meyer
Nettstadhttps://www.varig-airlines.com/

Varig (Varig Brazilian Airlines), opphavleg kjend under namnet Viação Aérea RIo-Grandense SA, var det første flyselskapet i Brasil, grunnlagd i 1927. Flyselskapet brukte IATA-nemninga RG på flyrutene sine.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Varig vart etablert i mai 1927 i Porto Alegre av den tyske immigranten Otto Ernst Meyer. Den fyrste tilsette i selskapet, Ruben Berta, vart seinare president for det, og leia Varig fram til han døydde i 1966.

Frå 1965 til 1990 var Varig det leiande flyselskapet i Brasil, og så og seie det einaste internasjonale.

I 2006 blei Varig delt opp i to selskap – Flex Linhas Aéreas (konkurs i 2010) og ein del av Gol Transportes Aéreos.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]