Varmekapasitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Varmekapasiteten C for ein gjenstand er forholdet mellom den varmen Q me tilfører gjenstanden, og den temperaturstiginga {\triangle T} gjenstanden får,


\mathbf{{C}} = \frac{Q}{\triangle T}

Eininga for varmekapasitet er joule per kelvin, [C] = J/K.

Varmekapasitet er ein målbar eigenskap. Sidan varmekapasiteten er avhengig av storleiken til gjenstanden er det ein ekstensiv eigenskap.

Dersom ein gjenstand er homogent samansett av eit gitt stoff, er forholdet mellom varmekapasiteten og massen lik den spesifikke varmekapasiteten til stoffet. Den spesifikke varmekapasiteten er ein intensiv eigenskap. Han er uavhengig av mengda stoff ein har.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.