Varmekraftmaskin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei varmekraftmaskin er ei maskin som omformar varmeenergi til mekanisk energi i ein termodynamisk syklus. Arbeidsprinsippet bygger på at varme straumar frå område med høg temperatur til område med låg temperatur. Maskinar som nyttar mekanisk energi til å flytta varmeenergi frå eit område med låg temperatur til eit område med høgare temperatur vert kalla kraftvarmemaskinar, varmepumper eller kuldemaskinar.