Varmetransport

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Varmetransport er overføring av varme gjennom eit medium eller eit material. Varmetransport kan skje på tre måtar:

Termisk konduksjon eller varmeleiing er varmetransport som skjer ved at varme blir overført frå molekyl til molekyl i materialen. Metall og andre massive materialar har stor molekyltettleik og leiar varme godt, medan luft og andre gassar leiar varme dårlegare på grunn av låg molekyltettleik.

Ved konveksjon skjer varmetransport ved strauming i gassar eller væskar

Varmestråling er energioverføring gjennom elektromagnetiske strålar (infraraud stråling, synleg ljos, ultrafiolett stråling).

Varmetransport i byggkonstruksjonar[endre | endre wikiteksten]

I oppvarma bygg søkjer ein å halde varmetransporten gjennom ytterkonstruksjonane og dermed varmetapet til omgivnadene så låg som mogleg for å spare energi. Dette blir oppnådd ved å velje byggemateriale med låg varmeleiingsevne, unngå kuldebruer og fylle tomrom i ytterveggar, tak og bjelkelag med isolasjonsmateriale.

Det er òg viktig å unngå at det blir danna kondens i isolasjonsmaterialet fordi vatn har ein langt høgare varmeleiingsevne enn luft, og dessutan sørge for at det ikkje oppstår luftrørsler i eller rundt isolasjonsmaterialet, slik at det skjer varmetransport ved konveksjon.

Varmetransport per temperaturskilnad og flate gjennom ein bygningsdel blir gjeve ved varmegjennomgangskoeffisienten. Den tilsvarande verdien for varmeoverføring frå faststoff til væske eller gass (eller motsett veg) kallast varmeoverføringskoeffisienten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]