Varnasjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Varnasjøen
innsjø
Land  Bulgaria
Innsjøtype Liman
Koordinatar 43.191° N 27.826° E
Byar Varna
Kart
Varnasjøen
43°11′25″N 27°49′30″E / 43.190277777778°N 27.825°E / 43.190277777778; 27.825
Varnasjøen og det omliggande området.
Varnasjøen og det omliggande området.
Varnasjøen og det omliggande området.
Wikimedia Commons: Lake Varna

Varnasjøen (Варненско езеро, Varnensko ezero) er den største og djupaste limanen (innsjø i elv) langs den bulgarske svartehavskysten, og ligg om lag 2 km frå havet. Innsjøen har eit areal på 17 km² og eit volum på 165 000 000 .

Innsjøen er langstrakt, og den sørlege breidda er høg, bratt og skogkledd. Varnasjøen vart danna i ein elvedal då havnivå steig etter den siste istida. Botn av innsjøen er dekt av tjukt slam og hydrogensulfit, og det finst òg store mengder medisinsk og mineralsk gjørme. Fleire elvar munnar ut i innsjøen, som Devnja og Provadijska.

Fram til 1900-talet var vatnet ferskt, men då ein oppretta den moderne Varna hamna vart det frå 1906 til 1909 grave ut ein kanal mellom sjøen og innsjøen, som førte til at vassnivået fall med 1,4 meter og at saltvant kom inn i sjøen slik at han vart ein brakkvassinnsjø.

I 1976 vart brua Asparuhov most opna over den 12 meter djupe kanalen. Ein annan kanal i vest har forbunde naboinnsjøen Beloslav til Varna hamn og jarnbaneterminalen. Fleire mindre hamner ligg på nordsida av Varnasjøen. Denne industrialiseringa har gjort at det tidlegare rike fiskelivet i innsjøen har minka kraftig.

Varna kyrkjegard, der dei eldste gullskattane i verda vart funne, ligg nær den nordlege breidda, medan byen Varna ligg like aust for innsjøen. Langs nordsida av innsjøen ligg òg landsbyane Kazasjko og Ezerovo, medan Zvezditsa og Konstantinovo ligg i sør.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]