Varslar
| Varslar | ||
| Systematikk | ||
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Laniidae | |
| Slekt: | Lanius | |
| Vitskapleg namn | ||
| Lanius collurio | ||
Varslar (Lanius collurio) er ein fugl i varslarfamilien.
Innhaldsliste |
Leveområde i Noreg [endre]
Arten hekkar i høgareliggande opne barskogar og myrskogar frå Agder til Finnmark.. På Vestlandet frå Stavanger til Stadlandet hekkar fuglen sjeldan. Varslaren er også fåtalig rundt Oslofjorden, og i dei tre nordlegaste fylka hekkar fuglen avgrensa til dei indre traktene. Varslaren hekkar ikkje i tett skog. Sjølv om han aldri er spesielt talrik er han ein karakterfugl i halvopne myrfuruskogar med krokete og spreidde tre. Fuglen hekkar også i reine bjørkeskogar. På Austlandet nyttar fuglen også hogstflater med spredde frøtre som hekkebiotop. Vinterstid nyttar varslaren område som gir rike vilkår for jakt på smågnagarar og småfuglar. Beitemarkar i kulturlandskapet, samt buskland kring våtmarkar og fuktenger er truleg dei beste vinterområda for varslaren i Skandinavia. Den norske hekkebestanden av varslar ligg truleg mellom 5000 og 10000 par. Talet på overvintrande varslarer i Noreg er truleg mindre enn 1000.
Hekking [endre]
Varslaren bygg eit høvesvis stort reir av kvistar og strå i ein busk eller eit tre. Reiret vert fora med fine strå og fjør. I mai-juni legg hoa 4-7 egg, som ho for det meste rugar sjølv. Ungane vert mata av begge foreldra, og flyg frå reiret etter 19-20 dagar.
Føde [endre]
Varslaren lever som rovfugl og tek byttedyra på marka. Firfisler, smågnagarar og store insekt er viktigaste byttedyra. Fuglen sit oppe i eit tre og speidar etter bytte.
Trekktilhøve [endre]
Varslaren krev snøberre område slik at han har lett tilgang på smågnagarar. I Noreg finst overvintrande varslarar vanleg frå Rogaland til Østfold. Dei fleste varslarane dreg frå landet til vinteren, og ein store del av dei norske fuglane dreg til Storbritannia.
Kjelder [endre]
- Svensk wikipedia.
- Norsk fugleatlas, 1994.