Varslarfamilien
| Varslarfamilien | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Laniidae | |
| Vitskapleg namn | ||
| Laniidae | ||
Varslarfamilien (Laniidae) er ein familie av mellomstore sporvefuglar. Familien består av tretti artar delt inn i tre slekter. Både det vitskaplege familienamnet, og namnet på den største slekta, Lanius, er avleidd frå det latinske ordet for «slaktar». Merk at dei australasiatiske slaktarfuglane ikkje er varslarar.
Artane har kraftig nebb og lang hale. Dei fleste artane lever i Afrika.
I Noreg hekkar artane varslar og tornskate. I tillegg er rosenvarslar og raudhovudvarslar sjeldne gjester i landet.
Innhaldsliste |
Skildring [endre]
Varslarane er mellomstore fuglar, opptil 50 centimeter i lengd, med grå, brun eller svart og kvit fjørdrakt. Nebba er bøygde, som på rovfuglar, noko som reflekterer rolla deira som predatorar, og ropa deira er skingrande.
Distribusjon, migrasjon og habitat [endre]
Dei fleste varslarartar har ein eurasisk og afrikansk utbreiing, med berre to hekkeartar i Nord-Amerika, amerikavarslar, Lanius ludovicianus og varslar, Lanius excubitor. Det er ingen medlemmer av denne familien i Sør-Amerika eller Australia, men ein art når Ny-Guinea. Varslarane varierer i omfanget av områda sine, med nokre artar som arten varslar spenner over heile den nordlege halvkula til svovelvarslar, Lanius newtoni, som er avgrensa til øya São Tomé.[1]
Dei fleste artane lever i opne habitat, spesielt på stepper og savannar. Men somme av varslarar held seg i skogsområde, og søkjer sjeldan ut på opne stader. Nokre artar hekkar i nordlege breiddegradar i løpet av sommaren, og trekkjer til varmare strøk om vinteren.
Åtferd [endre]
Varslarane er kjente for vanen sin med å fange insekt og små virveldyr, for deretter å spidde kroppane deira på tornar. Dette hjelper dei til å rive kjøtet i mindre, meir praktiske fragment som kan handterast, og fungerer som eit lager slik at varslarar kan returnere til matrestar som er sparte til eit seinare tidspunkt.[2] Dei kan spidde giftige grashopparar, venter i 1-2 dagar medan giftstoffa går ut, og et deretter insektet.[3]
Varslarane er territoriale, og vernar desse områda mot andre par. Hos trekkjande artar blir hekketerritoriet forsvart i hekkesesongen, og mindre territorium for beiting blir etablert under trekket og i overvintringsområda.[1] Når fleire artar av varslarar sameksisterer, kan konkurranse om territorium bli intens.
Varslarane gjer regelmessig bruk av godt synlege greiner, der dei sit i ei iaugefallande, oppreist haldning. Desse plassane blir brukte for å sjå etter byttedyr, og for å annonsere for rivalar at dei er til stades i området.
Hekking [endre]
Varslarane er generelt monogame hekkefuglar, men polygyny har vorte registrert hos nokre artar.[1] Samarbeidande hekking, kor yngre fuglar hjelper foreldra med å sede opp neste generasjonen av ungfuglar, har vorte registert hos begge artane i slektene Eurocephalus og Corvinella som samt ein art av Lanius. Hannane tiltrekke hoer til territoriet sitt med velfylte matlager, som kan omfatte ikkje-etelege, men klårt farga element. Under kurtisering kan hannen gjennomføre ein ritualisert dans som inkluderer handlingar som etterliknar spidding av byttedyr på tornar og vil mate hofuglen. Varslarane byggjer enkle, koppforma reir av kvister og gras, i buskar og i låge greiner på tre.[2]
Artslista [endre]
Varslarar rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011 [4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [5]
|
|
|
IOC World Bird List har anerkjent tre andre Lanius-artar som framleis manglar norsk namn: Lanius phoenicuroides, Lanius pallidirostris og Lanius marwitzi. [6]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen byggjer på «Shrike» frå Wikipedia på engelsk, den 11. februar 2012. Følgjande referansar var gjeve:
-
- Harris, Tony; Franklin, Kim (illustrator) (2000). Shrikes and Bush-shrikes. Princeton University Press. ISBN 0-691-07036-9.
- Lefranc, Norbert (1997). Shrikes: A Guide to the Shrikes of the World. Yale University Press. ISBN 0300073364.
Referansar [endre]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Yosef, Reuven (2008). «Family Laniidae (Shrikes)». I Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D. Penduline-tits to Shrikes. Handbook of the Birds of the World. Band 13. Barcelona: Lynx edicions. ss. 732–773. ISBN 978-84-96553-45-3.
- ↑ 2,0 2,1 Clancey, P.A. (1991). Forshaw, Joseph. ed. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. ss. 180. ISBN 1-85391-186-0.
- ↑ Yosef, Reuven; Douglas W. Whitman (1992-11). «Predator exaptations and defensive adaptations in evolutionary balance: No defence is perfect». Evolutionary Ecology 6 (6): 527-536. doi:10.1007/BF02270696. ISSN 1573-8477 0269-7653, 1573-8477.
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.6.xls/view, henta 7. januar 2012
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
- ↑ IOC-lista, listar 33 anerkjente artar, lest 25. september 2010
Bakgrunnsstoff [endre]
- Videoar, bilete og lydopptak av varslarar hos Internet Bird Collection