Vartdal Plastindustri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vartdal Plast har produksjonslokale på båe sider av E39, med transportsystem under vegbana.

Vartdal Plastindustri AS er ei bedrift på Vartdal i Ørsta kommune som produserer produkt baserte på ekspanderbar polystyren (EPS). Verksemda vart starta i 1960. Den første produksjonen var i ei gamal sjøbu. Han vart flytt til nybygde produksjonslokale i 1961. Fyrste produksjonen var isolasjonsmatter. I 1965 starta bedrifta, som den første i verda, med produksjon av fiskeembalasje i ekspanderbar polystyren. Dette produktet har vorte utvikla til spesialembalasje for flyfrakt.

Saman med ein annan embalasjeprodusent, BEWI, fekk Vartdal Plastindustri Miljøprisen 2011 for ei nydesigna EPS kasse som, på grunn av den låge vekta, gir redusert CO2 utslepp ved flyfrakt.

Vartdal Plastindustri produserer og byggisolasjon og teknisk emballasje. Ei transportavdeling, VD Transport, er lokalisert i Sykkylven.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Per I. Myklebust: Vartdalsoga Band IV Vartdal bygdeboknemnd 1999
  • vartdalplast.no/