Vartdal kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bygda Vartdal ved Vartdalsfjorden.

Vartdal er ein tidlegare kommune i Møre og Romsdal. Kommunen omfatta det geografiske området Vartdalsstranda.

Frå 1837 var området ein del av Ulstein formannskapsdistrikt. 1. januar 1895 vart Vartdalsstrand skilt ut som eiga kommune. Ved opprettinga av kommunen hadde den 736 innbyggjarar. [1]

I 1917 vart namnet endra til Vartdal.

I 1964 vart Vartdal slege saman med Hjørundfjord og Ørsta til Ørsta kommune. Ved kommunesamanslåinga hadde Vartdal 1315 innbyggjarar. [2]

No vert nemninga Vartdal brukt, dels om bygda Søre Vartdal, dels om området som tidlegare var Vartdal kommune. Det som SSB kallar Tettstaden Sætre, med 384 innbyggjarar (2012), er ein del av bygda Søre Vartdal.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Vartdal kommune frå 1895 til 1964:

1.1.1895[3] 1910[4] 1.12.1920[5] 1.12.1930[6] 3.12.1946[6] 1.1.1951[7] 1.1.1961[7] 1.1.1964[3]
736 751 862 942 1145 1166 1315 1315

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Vartdalsstranda

Ordførarar i Vartdal

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dag Jukvam, SSB, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen side 58, vitja 26. desember 2009
  2. Dag Jukvam, SSB, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen side 60, vitja 26. desember 2009
  3. 3,0 3,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  4. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data
  5. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  6. 6,0 6,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  7. 7,0 7,1 Folkemengd i Vartdal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.