Vartry
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Vartry | ||
|
|
||
| Utspring | Calary Bog i County Wicklow | |
| Munning | Irskesjøen ved Wicklow | |
| Land i nedslagsfelt | ||
Vartry (irsk Abhainn Fheartraí) er ei elv i Republikken Irland. Ho har sitt utspring i Calary Bog nedanfor fjellet Great Sugar Loaf nord i County Wicklow. Nær Roundwood vart ho demma opp i 1840-åra to stader for å danne Vartryreservoaret.
Frå reservoaret renn ho austover gjennom Ashford og inn i The Murragh, eit myrområde som oppstod på innsida av ein kystjernbane bygd i 1860-åra.
The Murragh munnar ut i Irskesjøen nær byen Wicklow.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen River Vartry frå Engelsk Wikipedia .