Varulv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Varulvfiksjon)
Gå til: navigering, søk
Biletet som illustrerar historia The Werewolf Howls (Varulven uler) i magasinet Weird Tales, november 1941.

Varulv er eit vesen frå europeisk folketru som viser til menneske som kan iføra seg ulveham. Eigenskapen til dette kan vera medfødd, påført som ei forbanning, eller eit hambytte utført med vilje. Endringa er ofte knytt til fullmånen. Varulvar var rekna som særs farlege for folk og fe, ofte . Varulvtru er spreidd til fleire andre stader i verda, og er blitt vidareutvikla i litteratur og film. Ordet «varulv» er eit lånord frå lågtysk som tyder 'manneulv'. Førelekkjen «var» er truleg likt det norrøne ordet verr, 'mann'. Ordet «varulv» gjev òg assosiasjonar til ulveomskrivinga «varg». Varulvar er å finne i medium som litteratur, drama, film, spel og musikk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mange ulike varulvsoger er kjende frå antikken. Kong Lykaon og landet hans, Arkadia, går igjen i fleire av dei. I nokre soger blei Lykaon omskapt til ein ulv fordi han hadde servert menneskekjøt til gudane. I seinare soger (som hjå Pausanias) var arkadiarane blitt til ulvemenneske. Herodot nemner ein fjernare stamme, neuri i Nordaust-Europa, som skulle skapa seg om til ulvar ein gong i året. Plinius den eldre gjev att to varulvsoger: Den eine er om ein mann som hengde kleda sine i eit asketre og symde over ein arkadisk innsjø, og som om han ikkje angreip folk i løpet av ni år, ville kunne symja tilbake som menneske. Den andre er om ein mann som blei til ein ulv etter å ha ete innvollane til eit barn. Han fekk menneskeform att etter ti år. I den romerske romanen Satyricon frå rundt år 60 blir det fortalt om ein mann som tek av seg kleda sine, tissar ein sirkel rundt klesbylten på bakken og straks blir til ein ulv.

Varulv i litteratur[endre | endre wikiteksten]

Varulvlitteratur blir gjerne inkludert i folketru, legendar, soger, eventyr, gotisk -, grøssar- og fantasy-fiksjon og poesi. På 2000-taler vart det ein eksplosjon av varulv-noveller og romanar som kom ut i både England og Amerika.

I Harry Potter-serien (1997-2007) av J.K. Rowling er varulven Remus Lupus framstilt som ein figur som slit med forbanninga si og er livredd for å smitte nokon. Serien omfattar òg ein negativ varulv-karakter, Fenris Vargar, som passar meir med det eldre biletet av varulvar. Potter-bøkene viser den intense trusselen det utgjorde for folk når menneske vart omskapt til blodtørstige monster. I hovudsak brukar forfattaren varulvar som ein metafor for marginaliserte grupper som har blitt diskriminert i det moderne samfunnet.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Varulv

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «varulv» i Store norske leksikon, snl.no.
  • Rhodri Hayward, «werewolf», The Oxford Companion to the Body. Ed. Colin Blakemore and Sheila Jennett. Oxford University Press, 2001.