Vasco da Gama

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vasco da Gama

Fødd1469
Sines
Død24. desember 1524
Kochi
NasjonalitetKongedømet Portugal
Yrkeoppdagar, globetrotter, sjøfarer, marineoffiser
EktefelleCatarina de Ataíde
BarnEstêvão da Gama, Cristóvão da Gama

Vasco da Gama (146924. desember 1524) var ein portugisisk oppdagar. Han er kjend for å vera den første som reiste sjøvegen frå Europa rundt Afrika og til India.[1]

Vasco da Gama blei vald ut som leiar for ein ekspedisjon på fire skip sende ut av kong Manuel I av Portugal. Flåten la ut frå Lisboa 8. juli 1497.[2] Straks over nyttår kom han fram til Malindi på austkysten av Afrika. Her fekk Gama fatt i ein los som førte skipa til Calicut (dagens Kozhikode) i sørvestlege India. Ekspedisjonen blei vennleg teke imot av den indiske fyrsten (zamorinen) der, men da Gama oppnådde ikkje nokon handelsavtale. Ekspedisjonen drog til Anjediva-øya før dei prøvde å kryssa Indiahavet att. Turen tilbake i motvind tok 132 dagar, og skipa kom tilbake til Malindi 7. januar 1449 i særs dårleg forfatning. Da Gama kom endeleg tilbake til Portugal 29. august 1499. Han hadde med nok pepar til å betala for heile reisa, og blei gjeven ei ærerik mottaking. I desember blei da Gama gjeven heimbyen Sines av kongen, noko som var problematisk ettersom han tilhøyrde Santiago av sverdet-ordenen.

Allereie i 1500 blei ein ny flåte send til India under kommando av Pedro Álvares Cabral for å skipa ein handelsstasjon i Calicut. Etter at det oppstod konflikt med dei lokale arabiske kjøpmannslauga, blei opptil 70 portugisarar drepne i opptøyar. I 1502 blei Gama send ut med 10 fartøy for å hemna hendinga. Han kom til Calicut, bombarderte byen og massakrerte mange av innbyggjarane. Så reiste han til Cochin (Kochi), og slutta ein traktat med fyrsten der. Han kom tilbake til Europa i 1503 med ein verdifull last. I 1524 blei da Gama utnemnd til visekonge av (portugisisk) India. Han døydde i Cochin same året.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Feddersen, C. F. «Vasco da Gama». Store norske leksikon. Henta 20. desember 2022. 
  2. Sebro, H. «Vasco da Gama». Den Store Danske. Henta 20. desember 2022. 
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.