Vasilij Safonov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vasilij Safonov

Vasilij Iljitsj Safonov,i si tid kjent som Safonoff i Vesten, (6. februar 185227. februar 1918) var ein russisk dirigent og pianist.

Safonow, som var son av ein kosakk-offiser, tok eksamen i rettsvitskap ved det militærjuridiske akademiet i St. Petersburg og studerte klaver hos Teodor Leszetycki ved konservatoriet i byen og avslutta sistnemnde stuide med gullmedalje. Han studerte òg klaver med Louis Brassin. Frå 1881 underviste han i klaverspel ved konservatoriet i St. Petersburg og bytta i 1885 over til same post ved konservatoriet i Moskva og var rektor ved skolen frå 1889 til 1905. Han hadde ei mengd klavérelevar, blant anna Aleksandr Skrjabin, Nikolaj Medtner, og Rosina og Josef Lhévinne.

Frå 1889 til 1905 og frå 1909 til 1911 dirigerte han symfonikonsertar i det keisarlege russiske musikkselskapet i Moskva. Eit særmerke ved Safonov var at han, ulikt andre dirigentar på denne tida, dirigerte utan taktstokk. Frå 1906 til 1909 var han musikkdirektør ved New York Philharmonic Orchestra og leiar av National Conservatory of Music New York. Fram til han døydde var han gjestedirigent ved dei fleste store europeiske orkestra, slik som Berlin og Wiener Philharmoniker, Orchestre Lamoureux og London Symphony Orchestra.

Safonov var kjend for å skape rytmisk presise og livfulle framføringar.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]