Vasilij og Konstantin av Jaroslavl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vasilij og Konstantin av Jaroslavl

Vasilij og Konstantin er to ortodokse helgenar frå Jaroslavl.

Den brutale khan Batu og den store horden hans invaderte Rutenia i 1236 og sette alt i brann. Tatarar la fyrstedøma Rostov og Jaroslavl, hovudbyen Vladimir, og mange andre byar nord i Rutenia under seg. Tida under tatarane var ei særs vanskeleg tid for Rutenia, men i løpet av denne perioden levde fleire kjende personar, som til dømes knjazane Vasiliij og Konstantin. Dei styrte i sine arvedistrikt med gudsfrykt og deltok ikkje i uesemja mellom dei russiske knjazane, for dei tok godt vare på farsarva si, reparerte skadane etter tatarane sin invasjon, og bygde opp att ruinerte katedralar og kyrkjer.

I 1242 drog den unge knajz Vasilij med mot til Den gylne horde for å fredeleggjere khan Batu. Året etter drog han i horden saman med storhertugen av Kiev, Jaroslav (1190-1246). Trass i mykje sorg aksepterte Vasilij alle byrdene og uretten med audmjukskap og bad ofte. Vasilij var ein god mann, men livet hans vart ikkje langt. Vinteren 1249 kom Vasilij til Vladimir for å møte slektningen sin, storhertug St. Aleksander Nevskij (minnefestdag 6. desember (23. november i den julianske kalenderen)), vart sjuk og døydde 8. februar.

Kroppen til St. Vasilij vart plassert i Uspenskij-katedralen i Jaroslavl på den nordre sida. Vasilij sin yngre bror, knajz Konstantin, arva broren sitt styre for ei stund. Steppenomadar frå sør var på plyndringstokt i området. I 1252 plyndra dei fyrstedømet Suzdal. 3. juli 1267 kom hordar av tatarar nær Jaroslavl. Konstantin trefte på tatarane saman med hans væpna styrke og på ei høgd nær elva Kotorosl oppstod eit blodig slag. Mange soldatar på begge sider døydde. Den unge knjaz Konstantin døydde i slaget som ein martyr. Han gav livet sitt for den ortodokse trua og landet sitt sjølvstende. Kroppen til St. Konstantin vart med ære gravlagd nær kroppen til bror hans St. Vasilij.

Etter to hundre år, då det skulle gravast ei grøft til ein ny katedral, vart leivningane til dei to brørne oppdaga, og dei var like heile som den dagen dei vart gravlagd. Det var mange mirakel og lækjingar knytte til desse leivningane.

Minnefestdagar[endre | endre wikiteksten]

  • 5. juni (23. mai i den julianske kalenderen) – minnefestdagen for oppdaginga av leivningane
  • 21. juni (8. juni i den julianske kalenderen) – minnefestdagen for Rostov og Jaroslavl si helgensamling
  • 16. juli (3. juli i den julianske kalenderen)

Kjelde[endre | endre wikiteksten]