Oppgangssag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vassag)
Gå til: navigering, søk
Gamal oppgangssag frå Tørvikbygd i Kvam i Hordaland.
Oppgangssagbruk frå Tørvikbygd.
Vasshjul til oppgangssagbruk frå Tørvikbygd.}

Oppgangssag er ei nemning på eit sagbruk driven av vasskraft med eit sagblad som går vertikalt opp og ned. Sagbladet er kopla til eit vassdrive vasshjul med ein veivaksel.

Kvaliteten på sagbladet var avgjerande for kor effektivt saga skar. Dei fyrste, klumpete sagblada fekk snart avløysing av betre, tynnare sagblad. I historiske kjelder finn ein omgrepet silkesag. Sagblada kunne òg monterast saman i ei ramme, slik at det var ei sokalla rammesag. På slutten av 1800-talet kom sirkelsagene slik me kjenner dei. Gamle vassdrivne oppgangssager vart da moderniserte til sirkelsager.

I Noreg vart dei fyrste oppgangssagene tekne i bruk på 1500-talet. Oppgangssaga revolusjonerte trelasthandelen, og gav grunnlag for eksport. Fleire småbyar langs kysten voks fram og vart velståande som fylgje av denne handelen.

På midten av 1800-talet kom dampsagene. Det førte til at sagbruka ikkje lenger måtte vera plasserte i nærleiken av eit vassdrag.

Det er fleire operative oppgangssager; Aursfjordsaga i Målselv, Tveiten oppgangssag i Herand i Jondal kommune, Vangssago som ligg i Rosendal, ei ny oppgangssag på Hjerleid i Dovre kommune oppført omkring 1990 og ei oppgangssag i Vest-Telemark. Det er også bevart fleire oppgangssager på museum.

Tveiten oppgangssag er drive av Stiftinga Herand Aktiesagbruk. Denne saga har blant anna levert materialar til bryggen i Bergen.

Vangssago blei bygd i 1875 og høyrde til Baroniet Rosendal. Saga blei flytta og restaurert i perioden 1997 til 2005, og blir i dag driven av Interesselaget Vangssago.

Under med restaurering av bygningar for kulturminnevernet er det nokre gangar behov for bord og plank som er skoren på oppgangssag.

Bakgrunnsstoff [endre]