Vasshimmel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vasshimmel

Vasshimmel er eit optisk fenomen som er nært knytt til ishimmel.

Fenomenet oppstår i område med mykje is og lågt skydekke, og finst nesten berre heilt nord eller heilt sør på jorda i Antarktis og Arktis.

Når lyset treffer det blå havet, vil noko av det verte reflektert slik at det er mogeleg for oss å fysisk sjå vatnet. Noko av lyset vert derimot òg reflektert tilbake og opp mot dei lågtliggande skyene og får det til å sjå ut som mørke flekkar under somme av skyene. Desse skyene kan vere synlege, sjølv om ein ikkje kan sjå sjøen og slik kan ein på avstand finne ope vatn i eit islagt område. Fridtjof Nansen og assistenten hans Hjalmar Johansen nytta dette fenomenet for å finne vassvegar i den mislukka Nordpolekspedisjonen deira, og det same gjorde Bernacchi og Sir Douglas Mawson i Antarktis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]