Vasspest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vasspest
Vasspest
Vasspest
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: Framandart med svært høg risiko
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Vassgroordenen Alismatales
Familie: Froskebitfamilien Hydrocharitaceae
Slekt: Vasspestslekta Elodea
Art: Vasspest E. canadensis
Vitskapleg namn
Elodea canadensis

Vasspest (Elodea canadensis) er ein fleirårig vassplante i froskebitfamilien.[1][2] Han er opphavleg utbreidd i mesteparten av Nord-Amerika, men har òg vorte særs vanleg i Europa.[1] Den norske Framandartslista 2023 reknar han som ein framand art med svært høg risiko (SE) for økologiske skadeverknader.[3]

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Vasspesten veks under vatn og står oppreist. Blada er om lag 1 cm lange og 2 mm breie, er mørkt grøne på farge og sit motsett eller i tretalskransar langsetter den lange og slakke stengelen. Ho-blomen har raude begerblad og kvite kronblad, og er om lag 4 mm brei. Han vert pollinert av vatnet, men det er ikkje kjend seksuell reproduksjon frå Norden. Vegetativ spreiing – avleggarar og liknande – er derimot eit stort problem; små plantedelar spreiar seg via vatn, båtar, fugl, fiskeutstyr og utslepp frå akvarium.

Vasspest i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Vasspesten vart først funnen i Europa i 1817, då han vart innført til Irland. I Noreg vart han innført i 1925 i Østensjøvannet i Oslo. Sidan då har han spreidd seg langs kysten til Rogaland og nordover til mjøsområdet.

Ein finn vasspesten helst i næringsrike vatn og dammar. Han er ein god konkurrent om ressursane, og utkonkurrerar lett mange andre vassplantar. Det er registrert store kortsiktige skadeverknadar på det biologiske mangfaldet i økosystema han har trengd seg inn i. Forskarar trur likevel at økosystema vil stabilisera seg til slutt

Det er forbod mot import, omsetjing, hald og utsetjing av vasspest i Noreg. Forbodet gjeld òg den skylde arten smal vasspest.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 168. 
  2. «Artsdatabanken: Vasspest». Artsdatabanken. Henta 3. april 2023. 
  3. «Fremmedartslista 2023: vasspest Elodea canadensis Michx.». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 16. februar 2024. 
  4. «Vasspest og smal vasspest», Miljøstatus (på norsk bokmål), henta 24. august 2023 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]