Vasstunnel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein vasstunnel er ein tunnel i fjell som kan vera brukt i samband med vassenergi eller vassforsyning til å leia vatn frå eit vassmagasin og til ein mottakar, anten eit kraftverk eller eit leidningsnett for drikkevatn. Det finst over 4000 km vasstunnelar i Noreg,[1] mykje lengre enn den samla lengda av vegtunnelar, 860 km.[2] Den klårt største mengda av vasstunnelane vert brukte til generering av elektrisk energi.

Vasstunnelar i fjell vart før 1950-talet stort sett berre brukte som lågtrykkstunnelar med overføring frå magasin til ei svingesjakt/-kammer og deretter i røyr (røyrgater) til kraftverket, slik som på Vemork kraftstasjon. Frå 1950-talet vart kraftverka stort sett bygde inne i fjellet, med den tryggleiken og fleksibiliteten det gav. Frå då av er det vanlegast i Noreg at vatnet vert ført i fjell frå inntaket ved magasinet, i ein horisontal lågtrykkstunnel fram til ovanom kraftverket og deretter i ei trykksjakt (ein bratt tunnel), som kan vera fôra med stålrøyr for å hindra friksjonstap, ned til kraftstasjonen med turbinen. For trykkutjamning blir svingesjakt nytta. Ut frå turbinen går vatnet i ein utløpstunnel til utløpet, som oftast i ein innsjø eller i sjøen.

Etter 1960 har ein i Noreg spesialisert seg på å byggja ufôra trykksjakter. Den høgste, trykksjakta til Nyset-Steggje kraftverk, har fallhøgd på 980 m. Den høgste stålfôra trykksjakta i Noreg går til Jostedal kraftverk og fører vatn med eit vasstrykk på 1100 mVs (1,1 MPa).[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Broch, E. Unlined high pressure tunnels and air cushion surge chambers AITES-ITA 2000 World Tunnel Congress. ISBN 1-919783-11-3
  2. Vegen og Vi[daud lenkje] (nr. 1, 2007)
  3. Data from some of the 200 underground power houses in Norway for hydropower production