Vastenjaure

Koordinatar: 67°28′41.084″N 16°27′36.958″E / 67.47807889°N 16.46026611°E / 67.47807889; 16.46026611
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

67°28′41.084″N 16°27′36.958″E / 67.47807889°N 16.46026611°E / 67.47807889; 16.46026611 Vastenjaure er den nest største innsjøen i Padjelanta nasjonalpark i svensk Lappland. Vastenjaure ligg 547 meter over havet og har eit areal på 89 km². På det djupaste er han 134 meter og Vastenjaure er dermed den sjette djupaste innsjøen i Sverige. Ved sjøen ligg samebyen Vastenjaure. Innløpet skjer frå elvane Virihaure og Låddejåkkå. Innsjøen er ikkje regulert, og har sitt utløp til Akkajaure via Vuojatätno, og inngår i nedslagsfeltet til Lule älv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]