Vaterlands bru

Koordinatar: 59°54′48.434″N 10°45′29.174″E / 59.91345389°N 10.75810389°E / 59.91345389; 10.75810389
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°54′48.434″N 10°45′29.174″E / 59.91345389°N 10.75810389°E / 59.91345389; 10.75810389

Vaterlands bru

Kart
Vaterlands bru
59°54′48″N 10°45′30″E / 59.9134501°N 10.758233°E / 59.9134501; 10.758233
Vaterlands bru i 2010.
Foto: Kjetil Ree
Akerselva med Vaterlands bru i 1800 av John William Edy

Vaterlands bru er ei bru over Akerselva i Oslo sentrum. Brua bind saman gatene Brugata og Grønland, og strøka Vaterland og Grønland. Broa vart bygd i 1654 og seinare endra fleire gongar.

Vaterlands bru var hovudinnfartsåre til byen frå nord og aust fram til bygginga av Nybrua i 1827. Bønder frå Romerike og Oppland kom køyrande her på veg til bondehandelsgardane i Brugata og Storgata. Når kongelege personar kom til byen vart dei møtte av ein velkomstportal og representantar for myndigheitene på vestsida av broa. Det skjedde mellom anna da Kristian Fredrik kom att til Christiania frå Eidsvoll 22. mai 1814 og da kronprins Karl Johan gjorde inntog 9. november same år.

Brua er eit kommunalt verna kulturminne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]