Vatne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vatne
tettstad
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Ålesund
Areal 1,81 km²
Folketal 2 485  (2023)
Folketettleik 1 373 / km²
Postnummer 6265 VATNE
Kart
Vatne
62°33′29″N 6°37′09″E / 62.558056°N 6.619167°E / 62.558056; 6.619167
Wikimedia Commons: Vatne (Haram)

Vatne er ein tettstad i Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Vatne har tidlegare òg vore ein kommune. Tettstaden har 2 485 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg ved botn av Vatnefjorden og sørvestover til botn av Grytafjorden, der Eidsvik og Tennfjord òg vert rekna med til tettstaden av Statistisk sentralbyrå. Vatnetvatnet ligg ved tettstaden.

Her ligg Vatne kyrkje frå 1868.

Vatne kommune[endre | endre wikiteksten]

Vatne var del av Skodje formannskapsdistrikt. 1. januar 1902 vart Vatne etablert som eigen kommune med 1 547 innbyggjarar ved at Skodje kommune vart deld. 1. januar 1965 vart det meste av Vatne (utom Dryna og området på Miøya) med 2 260 innbyggjarar, delar av Sandøy kommune, det meste av Haram og delar av Borgund, slege saman til den nye Haram kommune. Dryna og Miøya i Vatne vart samstundes slege saman med Sør-Aukra kommune til den nye Midsund kommune. Dei to krinsane frå Vatne hadde ved samanslåinga 334 innbyggjarar.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Vatne kommune frå 1902 til 1965:

1.1.1902[1] 1910[2] 1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5] 1.1.1961[5] 1.1.1964[1]
1547 1586 1730 1759 2048 2183 2449 2594

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 Folkemengd i Vatne 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå