Vatning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Overrislingsanlegg spreier vatn utover ein åker i Spania

Vatning, òg kalla kunstig vatning eller irrigasjon, er eit gamalt kulturtiltak i jordbruket der ein overfører vatn til område der det er for liten nedbør til plantevekst, for å utvida vekstsesongen der regntida er for kort, eller for å optimalisera vasstilførsla i veksttida. Tidspunktet for vatning og tilført mengd vatn kan ein fastsetja ut frå jordarten og vassbehovet til dei enkelte vekstane på ulike utviklingstrinn, jamført med nedbør og graden av vassmetting i jorda.

Vatning vert nytta dei fleste stader i verda. Av den samla jord- og hagebruksjorda i verda vert ifylgje FAO om lag 16 % kunstig vatna (om lag 2.3 mill km2). Vel 60 % av areala ligg i Asia, i fyrste rekkje i Kina, India og Pakistan. Andre land med vidfemnande kunstig vatning er USA, Egypt og land i det tidlegare Sovjetunionen.

Metodar[endre | endre wikiteksten]

Å kunstig fløyma over ved bassengvatning er typisk praksis for risdyrking, der jorda i ein stor del av veksttida skal stå under vatn. Felta vert planerte og omgjevne med låge jordvollar. Ein legg bassenga etter kvarandre, i hellande terreng som terrassar, med overløp frå eitt til det neste. Ved andre metodar for vatning skal vasstilførsla ikkje vera større enn at vatnet infiltrerer i jorda, og dei største porene held seg fylte med luft. Overrisling ved henganlegg vert brukt der vasskjelda ligg høgre enn jorda som ein skal vatne. Vatnet vert fordelt gjennom gradvis mindre kanalar og grøfter, dei siste med ein horisontal kant som vatnet rislar jamnt over. Ved furevatning, for radkulturar i svakt hellande terreng, vert vassførande furer lagt langs fallet; vatnet står lågare enn jordoverflata. Ved skvettvatning vert vatnet skvetta utover, frå grøfter eller små kulpar, med spadeliknande øser. Denne metoden vert brukt fleire stader i verda, også der ein må skaffa vatnet frå lågareliggjande elv eller kanal. Frå svært gamal tid veit ein også om mekaniske, kontinuerleg arbeidande «vasslyftarar», og kjent som øsehjul, Arkihmedes' skruve m.m.), drivne av menneske, dyr eller elvestraum.

I Noreg har overrisling vore kjend i 300-400 år. Ved undervatning vert vatnet leidd fram gjennom nedgravne, perforerte røyr eller grøfter, og vatninga vert styrt ved oppdemming i ein hovudkanal ved utløpet av feltet. Metodane passar berre på flatt land og i veksthus. Gjennom dryppvatning vert vatnet fordelt med perforerte slangar eller «sveittande slange», der vatnet siv ut gjennom veggen på slangen. Metoden er vanleg i veksthus, i frukt- og bærkulturar og i villahagar.

Vanlegast på friland i Noreg er regnvatning, der vatnet ved naturleg eller mest kunstig trykk vert leidd gjennom dels faste, dels flyttbare røyr til roterande spreiarar (sirkelspreiarar). Store sirkelspreiarar vatnar 1–3 dekar per oppstilling, små spreiarar dekkjer 0,4–0,9 dekar. Vatningsmaskiner er samansette av ein spreiar montert på ei vogn eller slede som vert trekt etter slangen inn mot maskinen. Slangetrommelen på denne vert driven av vasstrykket. For å flytta vatningsmaskinen må ein bruka traktor. Ein automatisk ventil stenger av vatnet når spreiarvogna er trekt heilt inn. Til vatningsanlegg vert sentrifugalpumper mest brukt, i Noreg oftast med elektrisk motor. Vatningsanlegg vert bygd i Noreg ofte som samvirketiltak. Kring 13 % av jordbruksarealet her i landet vert i dag kunstig vatna i løpet av ein vekstsesong.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon av ein shaduf, eit verktøy brukt til vatning i enkelte område i Afrika og Asia

Fleire av dei eldste kjende sivilisasjonane har bygd opp eksistensen sin på vatning. Flaumane i Nilen var ei naturleg vatning. I Egypt vart det fleire tusen år før Kristi fødsel bygd kanalar, demningar og reservoar for me.a. å jamna ut flaumen. I Mesopotamia fanst eit høgt utvikla vatningssystem ved elvane Eufrat og Tigris. I Peru var ein stor del av vatningskanalane truleg i bruk før inkariket voks fram.

Ulemper[endre | endre wikiteksten]

Med aukande interesse for vatning finn ein, også i landet vårt, at vasstilgangen i stigande grad avgrensar utbygging av nye anlegg, me.a. ved konflikt med vassbehov til kraftutbygging og til konsumvatn. I nedbørfattige land vert også grunnvassreservoara tekne i bruk til vatning. Det medfører ein søkk av grunnvassnivået, og ein må derfor avgrensa denne utvinninga. Opphoping av salt i matjordlaget oppstår som resultat av vatning når vatnet har stort saltinnhald og vatninga er sparsam. Dette kan med tida gjera jorda ufruktbar. Omkring 3/4 av all jord som vert vatna i tørre og varme strøk kan få problem med utfelling av salt. I det tidlegare Sovjetunionen vart vatn til kunstig vatning teke frå elvane i så stort omfang at vasstanden i me.a. Kaspihavet og Aralsjøen har sokke monaleg. Same situasjon har oppstått i Dødehavet etter som vatnet frå Jordanelva vert stadig meir brukt til vatning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]